Telefonstorm

Share

Eg veit ikkje kor mange som ringde inn i Open sending onsdagskvelden, men det gjekk varmt for seg ei stund utover kvelden mellom 21 og 22:30, så Gudrun Nomeland og eg hadde hendene fulle. I studio sat Britta Lise og Jorunn Bø Andersen og hadde laga rebusar på namna til dei tilsette i Hylestad barnehage. I tillegg hadde ho vore ute med opptakaren og fått dei til å presentere seg og kome med eit plateønske.

Eit slikt opplegg fører til mange telefonar, for alle det var laga opptak av, ville automatisk stille inn radioen for å høyre seg sjølv på lufta. Truleg ville og vener og kjende høyre på, og når dei først høyrer på, kan dei jo og ringe inn svaret på rebusen. Så vi hadde hendene fulle. Dei første rebusane var det bare ein telefon som verka, det var straumbrot sist laurdag, og det hadde konsekvensar for programmeringa av telefonane våre og, ikkje bare datamaskinane.

Men etter kvart fekk teknikar Inga Flateland orden på telefonane og Jamie hadde fått orden på datasystema, så vi kunne finne musikk til eit par helsingar. Dermed gjekk sendinga på beste måten denne kvelden.

Eg vil likevel peike på eit problem. Nokre innringarar disponerer fleire telefonar. Når vi trekkjer ut kven som skal kome inn i studio, har vi hatt det som regel at om det er ein som har vore inne tidlegare same kvelden, så finn vi ein annan. Den som er med og ringer svar på alle rebusane, vil så langt det er råd, bare kome inn ein gong. Det er fordi vi gjerne vil ha fleire stemmer frå lyttarane. Nummeret vert likevel registrert og ein er med ved trekking av krus og rose, som vert trekt mellom alle som ringer inn, også om ein ikkje har hatt prat med programleiarane.

Når så ein person disponerar fleire telefonar, går han rundt systemet vårt. Det skjedde onsdagskvelden, då Jan Oddvar sat på Hovden og høyrde på og vart trekt ut to gonger med ulike telefonnummer. Britta Lise vart nokså overraska då ho møtte same stemmen to gonger.

Alt i alt var det ein svært hyggeleg og informativ kveld, Mange av oss fekk vite at folk vi kjenner jobbar i Hylestad barnehage, utan at vi visste at dei hadde fått seg jobb der. Slik sett var det ei fin oppdatering av lokal kunnskap og ein god måte å spreie informasjon på. Honnør til Britta Lise som laga denne trivelege kvelden, og som og hadde fått med seg Jorunn Bø Andersen til å vere med i studio fyrste gongen. Ingen kunne merke at det var premiere for henne, ho fall godt inn i samtale med Britta Lise og med dei som ringde inn og hadde svar.