Ein strålande vårdag

Share

Sjølv om det er frost om natta, er dagane uvanleg strålande for tida. I dag var det 12 grader og strålande sol. Det syner på kleda og, vi kastar av oss vinterhammen og finn lettare klede. Framleis er det mykje snø på fjellet, så den som tek seg ut på ski, kan kome att på jobb etter og vere brun som ein innvandrar frå langt sør i verda.

Eg starta litt over fem frå Mandal, no er det grålyst på den tida, og ved Moisund skein ei blank sol meg i augo. Å køyre til Valle ein tidleg vårmorgon er ei naturoppleving.

Grunnen til at eg gjorde det på denne måten, var at eg i går var i Lyngdal i bursdag. Der mønstra heile familien vår hos søstera mi. Vi er fem syskin, alle var samla med ektefellar, og mor var med då vi helsa henne med song og gode ord. Vi har vore velsigna, ingen tvil om det.

Eit slikt vårteikn er at det er på tide å gjødsle jorda. Det kan verte litt sterk lukt ein periode no, her i Valle er det helst sauegjødsel som vert spreidd ut over jordene. Den luktar ikkje så sterkt som naturgjødsel frå kyr, som jærbøndene dynkar jorda med på denne tida. Eg høyrde om ein bonde like ved ei kyrkje som elska å spreide møkk laurdag føremiddag i høveleg tid før bryllaupet, slik at brura skulle få merke kva ho eigentleg gjekk til. Problemet var at slik lukt sette seg i hår og brurekjole og fylgde med til festen, heile kvelden vart ein minna om at det var vår ved kyrkja. Heldigvis er det etter kvart blitt vanleg å spreie gjødsel på meir diskret måte ved å ha kort veg frå spreidemekanisme til jord og ikkje slik det var for ei tid tilbake, då spruten stod i veret og dråpane kunne flyge lange vegar.

**Å for ein strålande morgon** er ein tekst som fell ein i tankane når ein køyrer Riksveg 9 ein slik dag. Eit søk etter teksten på Internett gjev denne lenka:
http://www.temaweb.net/sider/Perioder/2verdkrig_Verda/Musikk2vV/musikk2vv.html
og der står det at songen er frå musicalen Oklahoma! i 1944. Hypertekstlenka der fører vidare til ein engelsk tekst om syngespelet, sjå: http://www.theatrehistory.com/american/musical014.html og vidare til
http://www.imagi-nation.com/moonstruck/albm36.html som har ein kort versjon av soga.

Wikipedia på norsk har ein kort artikkel, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Oklahoma%21 men med lenke til andre språk, og wikipedia på engelsk har ein flott artikkel om musicalen.

Å, for ein strålande morgon, å, for ein strålande dag.
Strålande glad kan eg kjenna: lukka og eg er i lag.