Tysk musikk i Valle Radio

Share

Det er ikkje mange som spelar tysk musikk i Valle Radio, men Wenche Erland Gundersen har gjerne med seg tysk musikk når ho er innom for å informere frå Valle kommune. Slik var det og onsdag, då hadde ho **Helene Fischer – mitten im paradies** og **Nik P – einen stern der deinen namen trägt**

Om Helene Fischer finn du meir på tysk wikipedia, sjå http://de.wikipedia.org/wiki/Helene_Fischer
eller den norske artikkelen her
http://no.wikipedia.org/wiki/Helene_Fischer

Om Nik P. finn du og meir på tysk wikipedia: http://de.wikipedia.org/wiki/Nik_P.

Mellom desse platene fekk Wenche plass til fleire saker:

**Skanning av inngåande fakturaer**
Dette vert innført i Valle kommune samstundes som ein oppgraderer økonomisystemet. No skal alle fakturaer sendast til Valle kommune, postboks 4, 4747 Valle. Ein skal ikkje ha rekninger direkte til skulane eller andre etater, alt skal vegen om denne felles adressa for å bli skanna.

Wenche presiserte at ein på grunn av skanninga må stille krav til faktura: Helst svart skrift på kvit bakgrunn – org.nr, bankkonto, fakturanr. Og det er viktig å få med kven som har bestilt varen, ein skal oppgi ressursnummer. Forfall 30 dg. Om ein får handskrivne fakturaer, må dei skrivast inn manuelt, så det likar ein ikkje så godt.

Dei som skal attestere og tilvise vil ikkje får noko papir på pulten, men det poppar opp ei melding på mail at det ligger noko til tilvising på pc-en som dei må inn å klikke seg gjennom. Dei har ikkje fått opplæring eller informasjon ennå, ein set i gang i siste halvdel av mai.

**Skatt**
Wenche minna om at det er viktig å gå gjennom sjølvmeldinga, sjølv om ein no ikkje treng å levere inn om ein ikkje har korrigeringar. Oppgjeret kjem like før St. Hans, men sjølvstendig næringsdrivande må vente til hausten.

**Prosjekt**
Sentrale prosjekt i kommunen no er å få klart det som skal til for å bygge om på Valle skule. Ein reknar med å kome i gang rundt årsskiftet. Andre etasje er ferdig og brukarane er godt nøgd. Neste etappe er første etasje.

Eit anna prosjekt er gang- og sykkelveg til Honnevje. Den skal vere ferdig til badesesongen startar. Då Ørnulf lurte på om det kunne gå, dei er ikkje komne i gang ennå, meinte ho at dei nok skulle klare det, for førebuingane var gjort.

**Formidlingslån**
Den siste saka ho hadde på blokka si, var formidlingslån. Det er lån som kommunen låner inn frå Husbanken og så låner vidare ut til folk som vil etablere seg i eigen bolig for fyrste gong eller til vanskeligstilte som har behov for lån til bolig Det heiter startlån og kan brukast som eit andreprioritetslån til kjøp av bustad eller bygging av bustad. Det fylgjer Husbanken sine reglar, men vert handsama i kommunen. Valle kommune har ledige midlar innan denne type lån.