Aktive bygder

Share

I helga som var las eg i avisa at det var ei rekke bygder som ein rekna med ville ha store problem med å klare seg i åra framover. Dei fleste var på Vestlandet og i Nord-Noreg, men då eg saumfor artikkelen, var også Bykle nemnd som ein kandidat. Etter det eg skjøna var det viktig å halde oppe eit handlegrunnlag om bygda skulle overleve. I så måte gjorde nok Bykle kommune rett då dei kjøpte Texaco-stasjonen. Dermed er det ikkje så tungt å starte for ein som vil drive den, i og med at han slepp dei tunge investeringane i eigedom for å kome i gang.

Eit anna viktig element for å halde ei bygd levande er at det er eit foreningsliv i bygda. **Sundagskvelden** var eg på årsmøte i **Valle Normisjon**, som er ei slik forening. Ho har nok vore meir livskraftig tidlegare enn ho er no, vi var bare 8 personar på møtet. Men foreninga står for ein viktig del av religiøs møteverksemd i Valle, og dei har organisert bønemøter heilt sidan 1946. I tillegg har dei sundagsmøter i vinterhalvåret annankvar sundag, dei har joletrefest og andre større samkomer, gjerne i samarbeide med andre organisasjonar. Eg hadde gleda av å vere med då dei feira 100-årsjubileum, då heitte dei Valle Indremisjon. Dei gav ut eige festskrift og kunne sjå tilbake på stor aktivitet gjennom mange år.

**Mandagskvelden** var eg til stades på vårmøte og årsmøte i **Valle pensjonistforening**. 22 pensjonistar var samla på Valle Motell. Valet førte til at Nella Nerem Homme etter eige ønske kunne takke av som leiar, Ho og Ånund K. Homme har stått på for pensjonistforeninga i fleire år, men no fekk dei avløysing. Ny leiar vart Anne Lise Harstad, og Gudrun Nomeland kom og inn i styret, i tillegg til Nøste Nyberg og Tone Rike. Damene fekk med seg Kjetil Rike i styret.

**Tysdagskvelden** arrangerte Valle Bygdekvinnelag fleirkulturell kveld i Matsalen i kultursenteret. Dei hadde invitert kvinner frå andre land til å vere med, og det var ei samling utan menn til stades. Kvinner frå Afghanistan, Burma, Nigeria og Tsjetsjenia møtte bygdekvinner til ein triveleg kveld der dei hadde mykje variert mat frå alle stader i verda og variert prat på norsk. Dei innfødde måtte vel leggje av litt av dialekten, men rapport frå arrangementet fortalde om levande samtale og mykje nytt å lære for både norske og utanlandske deltakarar.

Sjølv sat eg i Valle Radio denne kvelden. Valle Radio fungerer som lim i Øvre Setesdal og samlar mange som elles sit aleine i stover rundt om og gjer dei ei felles oppleving. Sjølvsagt kan det ikkje måle seg med det sosiale fellesskapet ein har når ein møter kvarandre i same rom, men han har sin misjon likevel.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *