Improvisasjon

Share

Til onsdagssendinga 23. april hadde Ørnulf Hasla førebudd ein prat med Gunnar A. Helle og det han har gjort for å fornye Statoil Rysstad. Han hadde og gjort fleire opptak med barn som var på basaren på Helle laurdag. Så synte det seg at opptaket ikkje ville bli spelt på spelaren i radioen.

Då var gode råd dyre. Halve den aktuelle timen var basert på desse opptaka.

Heldigvis hadde banksjef Vidar Homme, som var første gjest i studio, høve til å vere med lenger enn planlagt. Dermed fekk vi ein informativ samtale om det å drive bank i ein utkant av Noreg. Vidar synte korleis utviklinga i verdsmarknaden har verknad på situasjonen i Valle Sparebank og krev at dei fylgjer godt med.

Det verka som om Vidar og Ørnulf trivdest god i lag under samtalen, og tida gjekk fort. Det var nesten ikkje tid til ein samtale med Åse Ingebjørg Homme på buss mellom Oslo og Notodden, der ho har bilen ståande når ho reiser til Oslo for å vere med på jordbruksforhandlingar eller anna i Noregs Bondelag. Ho er leiar av Aust-Agder Bondelag og frontar saker som bønder er opptekne av.

Det meste av stoffet som skulle brukast i programmet Landbrukstimen, der Ørnulf prata med Egil Åmlid og Arne Helle, var og “på boks”, som vi seier. Men her verka minidisken slik som føresett, med unntak av innleiinga. Difor tok Ørnulf ein telefon til Egil og fekk rapport rett frå sauefjøset før opptaka vart spelte.

Det er ikkje bare i musikken ein kan improvisere.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *