Kommunen informer 2. april 2008

Share

Denne kvelden skulle Unn-Merethe Nordby vore med i Kommunen informerer. Men noko hadde kome på for henne i dag, så Ingvar Nes kom i staden. Men han hadde med seg fleire saker som var relatert til avdelinga:

**Transport**
Det har vore vanskeleg med transport til dagsenteret 118b, som er eit samarbeidsprosjekt mellom Psykisk Helse og Habilitering. På dagsenteret 118b har dei nyleg innreidd loftsetasjen, slik at det skal verte betre plass for brukarane, og det syner seg at det er så stor etterspurnad etter eit slikt tilbod at ein har lyst etter miljøarbeidar i halv stilling.

Men det har og vore vanskar med transport generelt i kommunen etter at Gunnar E. Helle gav opp drosjekøyringa. Med bare eitt løyve i kommunen har det vore vanskeleg å rekke over alle. Men no er det kome ein bil til hos løyvehavaren som er att, og han har fått ein sjåfør ekstra, så no er det von om at situasjonen skal betre seg.

**Demens**
Det er oppretta eit demensteam som skal lage rutinar for utgreiing av demenssjukdomar. Teamet er breitt samansett med lege, fysioterapeut, vernepleiar og sjukepleiar. Dei skal gje kommunen sine innbyggjarar informasjon om demens og syte for at det kjem tilbod til personar som er ramma av demens og pårørande. Dei skal og finne gode metodar for utgreiing av demenstilstander og arbeide med å opprette tilbod om dagsenter for brukargruppa. Dagsenter er eit godt middel i mange situasjonar, kunne Ingvar Nes fortelje.

**Kommunikasjon**
I samband med planen for kompetanseheving skal avdelinga ha kurs på Sølvgarden 16. april. Tema er Kommunikasjon med eldre menneske. Føredragshaldaren Ken Heap kjem frå Oslo, han har skrive boka Gruppemetode for sosial- og helsearbeidere, som har kome i mange opplag. Men han har og skrive Samtalen i eldreomsorgenKommunikasjon . Minner. Kriser. Sorg Kommuneforlaget 1994 Den boka kan kanskje vere eit grunnlag for kurset. I eit anna innlegg på bloggen skal eg hente litt stoff frå den boka.

**Ny leiar i Open omsorg**
Monique Jore sluttar i stillinga som avdelingssjukepleiar i open omsorg etter mange år. Ho skal jobbe som sjukepleiar ved sjukeheimen frå 15. mai. Ny i stillinga er Ingebjørg Haugen, som har lang erfaring som sjukepleiar i open omsorg. Ho tek til 1. mai.

**Fem dagars skuleveke**
Ingvar kunne fortelje at administrasjonen innstiller til politikarane å vedta fem dagars skuleveke også i småskulen frå neste år. Grunnen er at Stortinget har vedteke å auke timetalet i norsk, engelsk og matematikk på barnetrinnet. Det vil endre situasjonen for mange som no har lagt opp til å ha fri frå jobb onsdagane for å vere heime med borna. No vil dei vere på skule alle dagar i veka.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *