I **Kommunen informerer** onsdag 23. april hadde økonomisjef Valle kommune eit interessant og rikhaldig innlegg der ho og kom inn på nokre av KOSTRA-tala for Valle. Dette er eit system ein nyttar for å samanlikne kommunar sin bruk av ressursar mellom anna. Ho kunne då fortelje:
**Folketalet** har gått opp litt, frå 1320 til 1326, vi har plass til fleire og ledig kapasitet i skole og barnehage.
**Lånegjelda** vår er svært høg, den er på kr 55 tusen pr. innbyggjar, mens gjennomsnittet i Aust-Agder ligg på det halve.
**Barnehage** kostar kr 84 635 pr. innbyggjar 1-5 år godt over samanlikningsgrupper
**Skule** kostar kr 106 387 pr. innbyggjar 6-15 år over Aust-Agder, under gruppe 16
**Administrasjon og styring** kostar kr 11 167 pr. innbyggjar – langt over Aust-Agder, men under gr. 16
Det kostar kr 674 tusen å drive ein **sjukeheimsplass ** i Valle
KOSTRA data er tilgjengeleg for alle på internett – ssb.no – ureviderte tal foreløpig.
Gruppe 16 er gruppa av rike kommunar.
Ta turen innom http://ssb.no/ og sjå sjølv. Du må gå på KOSTRA under Andre innganger og når du vel Til tallene, kjem det opp høve til å velje kommune.