Menighetshuset i Valle

Share

Sundag kveld 6. april var det årsmøte i Valle og Hylestad kyrkjelyd. Det var på Soknehuset på Rysstad, og om lag 30 personar var møtt fram. Dei fekk høyre Rolf Erik Homme syngje Hank Williams-songar http://no.wikipedia.org/wiki/Hank_Williams, prostidiakon Per Emanuelsen tale om Respekt, raushet og gode planer. Det var stelt til kake- og dessertbord, så dei 30 deltakarane hadde det godt i så måte.

Hovudsaka var truleg spørsmålet om sal av Menighetshuset i Valle. Dette var ei sak som kom opp for fleire år tilbake, i lys av at det må gjerast noko om huset skal tilfredsstille dei krava som vert stilte no. Mange har etter kvart arbeidd for at ein heller skal selje huset og byggje eit nytt hus nær kyrkja, slik at ein kan få sambruk utan så lang avstand mellom dei to husa. Med tanke på kyrkjekaffe, sundagsskule, konfirmantundervisning, møteverksemd, men og kontor til dei tilsette, hadde eit hus der vore interessant.

Eit anna tilhøve er at det no er realistiske planar om sykkelsti mellom sentrum og skule. Det vil ta ein del av parkeringsplassen ved kyrkja, så det kan vere aktuelt å få ny parkeringsplass nord om kyrkja. Ved store gravferder er det på ingen måte plass nok til bilane, så det trengst.

Det var ei orientering av Gro Haatveit Hovet, som er leiar i soknerådet. Ho vart supplert med informasjon frå Torleif B. Harstad og soknepresten. Kjetil Kyrvestad hadde fleire innlegg, han var oppteken av tilhøve rundt tomta, men Torleif kunne fortelje at dette no var ordna og at det heile var tinglyst. Kjetil vona at eit nytt hus kunne verte til velsigning, og med det vart det samrøystes vedteke at kyrkjelyden ikkje hadde noko mot at huset vart seld om tilhøva la seg til rette.

Med det er ein kome eit steg vidare i saka. Men ein har ikkje gjort noko konkret vidare enno, så kva som vil skje, vil tida vise.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *