Sentrumsplan i Valle

Share

I morgon er det møte om korleis sentrum i Valle skal utformast. Det er i kommunestyresalen i Valle klokka 18.00. Med på møtet vert ein representant for Husbanken og folk frå arkitektkontora Gaia og Grønn Strek. Dei har arbeidd med temaet tysdag og onsdag før møtet, så dei vil ha eit visst grunnlag til å bringe inn element i diskusjonen, men kommunen ynskjer at fleire skal seie si meining.

Leiar i planutvalet, Rune Mikkelsen, fortel til Setesdølen at ein vil dele planen i to og ha ein del som skal arbeide med emnet om sentrumsnære bustadtomter, jamfør etterspurnaden etter slike på møtet som vart overført i Valle Radio i samband med kommunestyremøtet i februar. Den andre delen vil ta føre seg den delen av sentrum som ein kan kalle det offentlege rom, altså det som er handlestaden og møtestaden for folk flest som kjem til bygda.

Eg har bede Ørnulf Hasla om å lage eit intervju om temaet med nokre av dei som kjem utanfrå for denne workshopen, som det heiter på den nynorsken som er nyare enn nynorsk. Det vil verte sendt i den aktuelle timen i onsdagssendinga.

Ein tanke om “Sentrumsplan i Valle”

  1. “No gjeld det,pappa,” sa guten høgt til faren då dei skulle gjennom tollern.
    Tenk, at dei skal freiste å designe sentrum og sentrumsnære stader no frametter.
    No er det om dei tek fram att alle innspela som er voetne sende til kommunen opp gjennom åra, og ikkje tek med berre dei som frammøtte kjem med på møtet onsdag 2. april 2008.
    Det ligg føre masse innspel i arkiva – no også i digitale, truleg plasserte som vedheng på saksemne.

    Feilen før var at gong etter gong hadde dei aldri høyrt om innspel, anten for skuld kort hugs, eller dei hadde sett ukyndige folk til “å rydde” i arkiva.
    Vi held pusten og vonar det beste, at det ikkje skjer “bryskjor”
    mvh Ånund K
    – ikkje heime att før over neste helg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *