Straumbrot har konsekvensar ein ikkje tenkjer på

Share

Då eg kom i radioen i går og skulle ha tysdagssending, synte det seg at PC-ane var av, og då eg prøvde å kome på Internett, var det uråd. Etter kvart er vi blitt ganske avhengige av å ha tilgang til nettet, så eg ringde på mobilen til vår tekniske sjef i Valle Radio. Men Jørund Georg var i Tromsø, då var det ikkje mykje han kunne gjere for å fikse dette. Eg måtte difor endre noko på planen min for tysdagssendinga. I staden for det oppsette programmet Musikk og eit tema, sende eg Dameklubben frå Norea Radio. Det var for så vidt ganske likt den ideen eg hadde, tema var Mor og det var mykje fin musikk i den timen.

Men tanken på at onsdagssendinga og skulle gå utan Internett-tilgang var ikkje lysteleg. Etter at eg var ferdig med sendinga tysdagskvelden kom Britta Lise innom for å finne musikk til Open sending. Det måtte ho gje opp, utan Internett var det ikkje råd å laste ned den musikken ho trong. Heldigvis kunne ho løyse det ved å laste ned musikk heime, men då måtte ho brenne det på ei plate og ta med i radioen, i staden for å kunne laste det ned direkte til bruk i sendinga.

I dag snakka eg med Jamie som arbeider saman med Jørund i IT-avdelinga til Valle kommune. Han sa at han kunne prøve å finne ut kva som var problemet, og i eitt-tida gjekk vi saman ned i radiohuset for å finne ut korleis det stod til. Han kunne raskt konstatere at det stod dårleg til, men etter at han hadde vore ein tur i barnehagen og fiksa noko der, var det ein ny runde for å sjå om han kunne finne løysinga for radioen. Og sanneleg: Etter litt leiting fann han feilen og kunne sende melding om at det no var i orden.

Stor takk til Jamie, då Britta Lise kom innom etter arbeidstid i dag, var det i orden og ho kunne finne den musikken vi hadde som ho skulle bruke. Jamie sjekka og at streaminga på Internett fungerte, noko som synte seg då vi i Open sending i kveld fekk telefon frå Oslo frå ein Start-patriot som likar å høyre på Valle Radio.

Eg vil avslutte dette innlegget på bloggen med ein digresjon. Eg måtte ha timen mellom 20 og 21 i kveld, då Bjørgulv måtte tilbake til sauene sine, som har begynt å få lam. Eg valde å presentere nokre nye plater vi har fått til radioen, mellom anna Annbjørg Liens Waltz With Me. Då eg spelte den fyrste, The Traveller, plinga ei tekstmelding inn på mobilen min. Det var Jamie, som skreiv: Så flott at det endeleg kom folkemusikk i sendinga. Takk for det! Takken sender eg vidare til Kirsten, som sytte for at vi fekk den plata.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *