Olav Bjørgum i Valle Radio

Share

Sist onsdag hadde Bjørgulv T. Berg ansvar for sendinga. I nyhetstimen hadde han invitert Olav Bjørgum og Leonhard B. Jansen til å snakke om utstillinga han skal ha på Setesdalsmuseet i sommar. Utstillinga opnar i morgon, sundag 1. juni, fyrst for innbedne gjester, deretter for vanleg publikum. Fram til 22. juni er ho open frå 12 til 15 på kvardagar, men deretter er museet ope alle dagar frå 11 til 17.

Det vart ein triveleg prat, der dei ikkje minst kom inn på humoren i arbeida til Olav Bjørgum.

Leonhard fortalde at det hadde vore vanskeleg å finne ein del av verka til Bjørgum, for han var utseld, men meinte at dei har fått sett opp ei utstilling som syner breidda i det kunstnaren har gjort. Her er lenke til omtalen på Setesdalsmuseet sine sider, som også syner eit par bilete: http://www.setesdalsmuseet.no/index.php?m=nyhet&m_action=les_mer&id=2 Eit sitat frå omtalen her:

**Ofte er biletet bygt opp med ein humoristisk vri, men ikkje meir enn at det tolest utan å vippe over til berre å vere morosamt. Det ligg tradisjon og historieformidling i uttrykket, ein age for det som har vore, og ikkje sjeldan ei djupare meining. Biletet av mannen som sit og stør hovudet i handa og seier: “Stundom sit eg å tenkjer, å stundom sit eg berre!”, har – for den som har tid til å tenkje litt sjølv – stor meining.**

Olav Bjørgum har og artikkel på wikipedia: http://nn.wikipedia.org/wiki/Olav_Bjørgum

Eg var teknikar i Valle Radio den kvelden. Etter sendinga kommenterte Olav Bjørgum opplevinga og sa at det ikkje var vanleg for kunstnarar å få så mykje merksemd at dei kom på radio. Han var svært glad for høvet, men ikkje van med mediet.

Her er ei lenke som viser eit par andre bilete av Olav Bjørgum: http://www.museumsnett.no/ingeborg/irh/41/plakat.htm#ob

Her er lenke til omtale av boka Lekamslyst av Sigrid Bø og Jarnfrid Kjøk, som Olav Bjørgum har illustrert:
http://www.rb.no/lokal_kultur/article3363129.ece

Skulesaka

Share

Det var eit langt kommunestyremøte onsdagskvelden. Sjølv hadde eg ikkje høve til å høyre på Valle Radio denne kvelden, men etter det Jorunn Lund Harstad fortalde, kom det mange interesserte tilhøyrarar på møtet. Ho måtte steike mange fleire vaflar enn ho brukar å steike. Møtet varte også mykje lenger enn vanleg, det var så vidt dei kom ut av huset til alarmfunksjonen trer i kraft.

I Setesdølen for fredag 30. mai skriv Ole Birger Lien:

**Nok eit nei til full skuleveke for dei yngste**
Etter eit framlegg frå Pål Dale (KrF) vedtok fleiralet i kommunestyret i Valle onsdag kveld å seie nei til full skuleveke som prøveordning for 1. – 4. klassingane både i Valle og Hylestad.

Bygdefolk som hadde møtt opp for å fylgje med i saka raste og kalla vedtaka for maktarroganse. Men ikkje alle var like sinte – dei få frå “4-dagars-sida” som hadde møtt opp, var svært nøgde med utfallet i saka.

I saka som galdt Hylestad skule vart det nei til dispensasjon frå 4 dagars-vedtaket med knappast mogleg margin. 11 røysta for framlegget frå Pål Dale om å seie nei til søknaden, 10 representantar ville la Hylestad skule innføre prøveordninga med full skuleveke for eitt år. I vedtaket som galdt søknaden frå Valle skule var fleirtalet for å seie nei til dispensasjon – også dette etter eit framlegg frå Pål Dale, større. Komande skuleår vert det difor 4 dagars skuleveke for dei yngste elevane på skulane både i Valle og Hylestad, trass i auke i timetalet og det mange hevdar er eit stort fleirtal for full skuleveke blant lærarar og foreldre i båe bygdene.

Blanda mottaking
Vedtaka i kommunestyret om å seie nei til søknadene om dispensasjon legg truleg den såkalla skulesaka død i Valle – i alle fall for denne gong. Dei som stør 4 dagars skuleveke var svært nøgde med utfallet av saka onsdag kveld, medan dei som ynskjer full skuleveke var illsinte og skulda fleiralet i kommunestyret for maktarroganse. Stemninga i kommunehuset var laber – dei aller fleste som møtte opp hadde nok håpa på eit ja til ein eller båe søknadene om dispensasjon frå 4 dagars vedtaket.

Straumen går

Share

Ved totida i dag gjekk straumen i Valle og var borte i ein time. Det er ikkje mykje ein får gjort når straumen er borte.

Her er nokre små glimt:

Eg sat på datamaskinen og mista det eg heldt på å skrive. Og så fekk eg ikkje skrive meir, så eg valde å ta ein tur ut i det fine veret, det var 22 grader i skuggen, såg eg på termometeret då eg kom heim.

I etasjen under Valle Vaksenopplæring held Valle folkebibliotek til. Dei hadde heller ikkje høve til å låne ut bøker når straumen var borte, for då fall dataprogrammet ut.

Eg gjekk over gata til Jokerbutikken, men der kunne dei ikkje selje avisa, og det var mørkt og lite hyggeleg å vere i butikken. Ein kunde stod og venta med full handlekorg, alle vona at straumen snart kom att.

Utanfor Essostasjonen sat Ånund og prata med ein kunde, ikkje mykje å gjere når straumen har reist, og litt seinare kom Ørnulf ut og sette seg ned med dei.

**Møte med Sverre Lund**
Då eg kom bort til Menighetshuset, kom Sverre Lund gåande med rullatoren sin. Han hadde site og sett på Visjon Norge då straumen gjekk, og så fann han ut at han kunne gå, han og. Det vart dagens andre tur, og han ville i banken og ta ut pengar.

-Det kan du ikkje, sa eg, for når straumen er borte, får ein ikkje ut pengar.
-Du har nok rett i det, sa Sverre

Vi blei sitjande på murkanten utanfor menighetshuset og prate om laust og fast. Eg fortalde at det var med meg som med Kjetil Jore som før budde i huset som eg bur i no, vi klarte oss med radio, og parabol var lite aktuelt.

-Eg og Kjetil Jore var bestevener og leika heile dagane, fortalde Sverre. Men ein gong vart vi uvener, og då eg vart ropa heim til mat, sa eg at eg aldri skulle gå til han meir. Men då middagen var over, sprang eg det fortaste eg vann ned bakken til Kjetil, smilte Sverre.

Plutseleg kom det vatn i fontenen, og då var Sverre rask med å kome seg opp att. -No er straumen komen, sa han, eg får gå i banken. Men klokka var blitt tre og banken stengjer då.

-Det gjør ikkje så mykje, eg kan ta turen i morgon då, sa Sverre, som hadde hatt ein spasertur nordover på føremiddagen.

**Årsak**
Eg tippa at det var ein gravemaskin som hadde kortslutta ein ledning, men då eg i kveld snakka med Jorunn Lund Harstad, meinte ho at ho hadde høyrt at det kanskje var ein bever som hadde felt eit tre over ein straumledning. Resultatet var det same, og synte kor sårbart eit samfunn er og kor mykje som er avhengig av straum i våre dagar.

Årsmøte

Share

Vi vil ha årsmøte neste torsdag, 5. juni 2008 klokka 19 på Valle Motell. Sett av datoen i avtaleboka di og møt opp. Det vert vanlege årsmøtesaker og når møtet er over, får vi noko å bite i.

Her er lenke til referatet frå årsmøtet i fjor: http://valleradio.blogs.no/2007/05/09/arsmotet_8_mai~2241801

Seminar

Share

Laurdag vert det seminar for medarbeidarane i Valle Radio. Vi skal til Gimlekollen i Kristiansand der ein av medarbeidarane på Mediesenteret skal undervise oss i korleis vi kan lage betre program. Det er Ørnulf som organiserer opplegget, og han kunne fortelje at det er 13 som skal vere med. Vi skal bruke kommunebussen, avreise er frå Valle 7.30 og kurset startar i Kristiansand klokka 11.00. Etterpå skal vi kose oss til langt ut i dei små timane på Caledonien og overnatte til sundag. Det vert triveleg å få ein slik tur for å sveise oss saman.

Postludium 27. mai 2008

Share

I kveldens Postludium fekk du høyre

Thomas Murray: On hearing the first cuckoo in spring av Delius
Harlequin Brass og Neil Taylor: Pomp and Circumstance March no 1 av Elgar
Everhart Zwart: Sinfonischer Choral “Jesu, Geh’ voran” av Karg-Ehlert

Informasjon om komponistane finn du på wikipedia:
http://no.wikipedia.org/wiki/Sigfrid_Karg-Elert
http://no.wikipedia.org/wiki/Edward_Elgar
http://no.wikipedia.org/wiki/Delius

Alle er romantiske komponistar, døydde i 1933 og og 1934, som du jo finn ut når du går til lenkene. Der finn du og lenker til andre språk med meir informasjon enn på norsk.

Aldri så galt at det ikkje er godt for noko

Share

I dag var det munnleg eksamen til Bergenstesten for elevar som har strevd seg gjennom vinteren med å lære norsk. Bergenstesten er det uoffisielle namnet på det som heiter Test i norsk – Høyere nivå. Dersom ein skal studere ved eit norsk universitet, må ein ha den for å vise at ein kan fylgje undervisning som er på norsk. Her er lenke til informasjon om den:
http://nspr.portfolio.no/ og http://www.norsktester.no/default.asp?avd=231&nyh=5344

Sjølve testen tek ein halv time. For å ta den måtte Madina reise frå Valle 7:20. Ho hadde fått time klokka 16:15, men det er då bussen til Valle går frå Kristiansand. Difor hadde vi avtalt at eg skulle møte henne i byen og vere med til testen denne dagen. Så kunne ho sitje på med meg opp att.

Turen nedover vart ei oppleving. Det var ein passasjer som ikkje hadde fått med seg at frå 1. mai køyrer ikkje bussen om Homme om morgonen, så ho måtte kjøre etter bussen heilt til Ose før ho tok han att og fekk gitt signal om at ho ville vere med. Men det som overraska Madina mest, var at sjåføren prata i telefonen temmeleg jamnt frå Valle og heilt til Evje. Der kom det ein ny sjåfør, men også han prata i telefonen. Dei hadde handsfree, men ho let seg imponere over kor mykje dei kunne ha å seie i telefonen medan turen gjekk nedover dalen.

Ho fekk ein triveleg dag i nydeleg ver i byen, og klokka to møttest me og hadde middag på Dronningen. Velsmakande lammesteik var høveleg på ein eksamensdag, men snart var vi på Kristiansand Voksenopplæringssenter, der eksamen skulle haldast. Etter kvart kom eksamensnerver, sjølv om ho visste at ho hadde førebudd seg godt.

Då halvtimen var over, kom ho ut frå testen og lo. -Eg fekk ei oppgåve vi hadde førebudd oss på, sa ho. -Det var om mobiltelefonen.

Systemet er slik at ein kan velje mellom fleire oppgåver, og ho hadde teke den oppgåva, ikkje minst fordi vi hadde diskutert kva vi kunne ta opp i ein munnleg test om temaet vart mobiltelefonen. Men då ho fortalde soga om bussjåføren som snakka i mobiltelefonen på morgonkvisten, var isen broten mellom eksaminator, sensor og eksaminand. Dei hadde vore innom mange sider ved mobiltelefonen, både i innland og utland, ikkje vanskeleg å snakke om noko slikt, det påverkar livet til dei aller fleste flyktningar og asylsøkjarar i Noreg, og andre med.

-No er du ferdig, sa eksaminator.

-Men eg og sensor snakka bare vidare, fortalde Madina etterpå. Sensor ville vite meir, og eg hadde meir å fortelje. Til slutt måtte vi runde av, resultatet kjem om 10 dagar. Eg trur det går bra, slutta ho før vi tok fatt på vegen til Valle att.

Bygg, eigedom og anlegg

Share

I Kommunen informerer onsdag 21. mai hadde Halvor Rike med seg Torleif Homme. Etter at dei hadde fortalt om kulturskulen, gjekk dei over til det området dei nok kjenner seg mest heime i.

**Forseinka faktura**
Det starta med informasjon om at kommunen går over til nytt system for kommunale avgifter, så fakturaene som til vanleg vert sende ut i mai, vil fyrst kome i juni i år. Neppe mange som gret over det.

**Tomter i Åsan 2 bustadfelt**
Ved tildeling av kommunale tomter i Åsan 2 bustadfelt på Rysstd var det fem som takka ja i fyrste runde og som vil setje opp hus snarast. Dermed kunne ein gå laus på runde nummer to. Den har frist til 26. mai, som er måndag. Ein finn informasjon på kommunen sine heimesider. Torleif og Halvor oppfordra folk til å bruke helga og ta ein tur i feltet for å sjå på tomter dei kunne tenkje seg.

**Vegljos på Hovet**
Endeleg er det kome vegljos frå Lykkje til Hovet, ljoset vart kopla til 20. mai. Dette er området ved Dokkjen. Bjørgulv kommenterte at det var greitt å få det i orden no, sjølv om det er lange, ljose kveldar.

**Bord ved fotballbanane**
Det er sett opp tre benkebord frå Setpro på Valle stadion og på Rysstad stadion. Det kan vere greitt når folk vil ha noko å drikke medan dei ser på born som sparkar fotball eller i andre situasjonar, og det har vore ønske om å få noko slikt, så BEA var glade for å kunne få ei ordning.

Elevopptak i Valle musikk- og kulturskule

Share

Halvor Rike, som er leiar av Bygg, Eigedom og Anlegg i Valle kommune, var i Kommunen informerer onsdagskvelden klokka 19. Første sak på programmet var Elevopptak i Valle musikk- og kulturskule, der han kunne melde at søknadsfrist for opptak til neste år er 14. juni. Søknadskjema finn ein på kommunen sine heimesider. http://www.valle.kommune.no/Modules/article.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=967&Category.ID=1145

Kulturskulen underviser i piano, song, hardingfele, korps, leikarring, kveding og munnarpe. Både gamle og nye elevar må melde seg på nytt. Søknadskjema finn ein til høgre på heimesida under lenka relaterte dokument.

Ein finn mange gode lærarar i Kulturskulen, så det er bare å melde seg på. I samtalen med Bjørgulv T. Berg var ein og innom det forholdet at 17. mai i år ikkje hadde korps i Valle. Halvor kunne ikkje love at det kom i gang korps att til neste år. Instrument og drakter vert no leverte inn til Jorunn Tveiten på Velkomstsenteret, så får ein sjå om det vert oppstart att til neste år.

I år var det Kjetil Rike på trekkspel som vanleg i toget til Valle Alders- og Sjukeheim, og frå kyrkja var det rockegruppa som nytta trommene på beste måte då toget gjekk til Kultursenteret i Valle. I Hylestad var det song i toget, men ingen musikk.