Setesdølen enig med meg

Share

Eg skreiv tidlegare i veka om at Bykle kommune har kjøpt Texaco-stasjonen i Bykle for å leige den ut til ein drivar som ikkje ville kjøpe den sjølv.

Eg var då ikkje klar over at det har vore ein guru frå Trondheim og kommentert det. Professor Lars Erik Borge ved NTNU i Trondheim meiner at kommunen heller skulle gitt pengane til fattigare kommunar som kunne fått realisert prosjekt dei har på ønskelista. Her er ei lenke du kan ha hjelp av:
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/1.5532701

Ein treng ikkje vere professor for å meine noko slikt, men det hjelper å sitje langt frå staden der det skjer. Då er ordføraren i Sirdal klokare i sin kommentar. Han seier at det kostar meir å halde oppe eit godt tilbod i ein utkant enn andre stader.

I artikkelen på nrk sine sider står det at ein no er tilbake til utgangspunktet, for det var kommunen som etablerte stasjonen. Naturleg nok kan ein innbyggjar i kommunen vurdere betre korleis livet vil verte om ein ikkje kan kjøpe bensin i bygda. Å dra til Valle for å få bensin vil auke handelslekkasje, som jo er stor nok alt no.

Eg meiner at det er betre å bruke kraftkroner på å sikre eit slikt tilbod i kommunen som har retten til pengane. Om ein gav nokre kroner til ein annan kommune, ville dei aldri kome innbyggjarane der verdien vart skapt til gode, og det er vel heile poenget. Samstundes kan vi minne om at Bykle kommune gjennom Setesdal regionråd har stilt pengar til rådvelde for heile Setesdal gjennom mange år.

Etter mi meining forvaltar ein rett ved å gjere som kommunestyret i Bykle har gjort til beste for folk som bur i bygda.