Rally Sørland

Share

Det er ikkje påskerally på riksveg 9 denne helga, men Rally Sørland i Mandal med over 100 bilar som pregar bybiletet. I Tregdevegen går det så det susar, sjølv om skilta seier 60 km/t. Det gjer det ofte elles og, det vert fort kø bak bilen av folk som skal til Brennevinsmyra med søppel om ein held 60 km frå E-18 til Skjernøykrysset.

Dei fekk ein fin dag å halde rally på i år, det turka opp og vart sol og fint ver. Då eg var i Mandal i dag, såg det ut til at folk var nøgde med at sommaren såg ut til å vere her.

I avisene har det vore fokusert på at politiet tek fartsglade sjåførar ved Lenefjorden i Lyngdal fleire dagar kvar veke. Det er ein strekning som har teke mange liv. Sjølv om farten no er sett ned til 60 gjennom området, går det mykje fortare.

Når ein vert ferdig med strekningen Ose – Tveit, vil ein flaskehals vere borte på Riksveg 9. Framleis må vegen nord for denne strekningen fiksast, men etter kvart er det bare Skomedalsområdet og Frøysnesområdet som verkeleg er vanskelege på strekningen. Difor er det lite solidarisk at bommen skal flyttast nord for Bygland kommune. Den viktigaste utbetringa av riksveg 9 må kome i Bygland, og då burde byglendingar og vere med å betale.

Når dette er sagt, vil eg anbefale folk å tilpasse farten etter tilhøva. Når vi no går sommaren i møte, vert tilhøva noko betre. Men utan nummer på bildørene bør ein ikkje køyre rally.