Ei artig oppleving

Share

I dag var eg ein tur på Eikås i Mandal for å kjøpe litt til helga. Då vart eg ståande i kassen bak ein kunde som skulle betale med kort, men som hadde fått mannen sitt kort, og det kunne ho ikkje pinkoden til. Medan ho var inne og handla, hadde eit barn slått seg vrang, så han tok barnet med i bilen på ein kjøretur, så då ho sprang ut på leiting etter mannen, såg ho bare baklyktene på bilen. Og køen vaks seg lenger bak henne.

Eg var førstemann, så eg sa at eg kunne betale for henne, det var snakk om vel hundre kroner, så det kunne eg stå i. Men det var ikkje lett, ho som sat i kassen, visste ikkje heilt korleis ho skulle reagere, og det visste ikkje kunden heller.

Til slutt gjekk ho med på det, vi skulle treffast utanfor, då måtte vel mannen vere komen tilbake.

Då eg kom ut, stod ho der, men mannen var ikkje komen tilbake. Ho hadde funne ein femtilapp, men eg sa at eg gjerne ville gje henne dette som pinsegåve, og så ønskte eg henne god pinse. Medan eg sit og skriv dette, sit eg og smiler for meg sjølv.

Tenk at det bare skulle vel hundre kroner til for å få ei oppleving som gav meg grunn til å smile heile kvelden. Då eg kom heim, fortalde eg det til kona mi, og ho smilte og. Det betyr at smilet vårt var ganske så billeg, eigentleg. I tillegg fekk eg nydelege baguettar som vi hadde til kveldsmat, og så sat vi og prata saman om ei triveleg oppleving ein nydeleg dag.

Eg vonar at også ho og familien kunne glede seg over det som hende. I så fall spreidde det seg ringar i vatnet. Om du fekk dra på smilebandet, gjekk ringane endå lenger.

God pinse!