Elg både her og der

Share

I dag då eg drog oppover frå Mandal, var Reidun med meg, og dermed valde vi ein annan veg enn den raskaste. Det er jo litt triveleg å køyre på tur ein sundag og. Veret var fint, men vi var ikkje meir enn så vidt starta på vegen opp Mandalen, så tok det til å skvette litt. Det vart ikkje noko særleg av det, så i staden for å køyre på asfalt, tok vi i Marnardal av på grusveg til Finsådal og til vidare Lauvslandsmoen i Finsland. Dette er ei strekning som ofte vert nytta til Rally Sørland, men denne gongen gjekk det i bedageleg gamalmannstempo opp bakkane og bort slettene, gjennom svingar og langs bekker. Jordene stod grøne og frodige på dei lange moane.

Etter ein kort etappe på asfalt til Brandsvoll, tok vi turen over Hønemyr på grus. Og vi var ikkje kome langt på den nye asfalten før vi atter svinga av og tok over Steinsland, noko som vel førte oss opp mot det høgaste av Indre Agder i dette området, det var langt til toppar som låg høgare, slik opplevde vi det i alle fall.

Plutseleg, i ein sving, seier Reidun: -Ein elg! På jordet ved sida av vegen stod ein stor elg og såg på oss. Etter kvart har det blitt så sjeldan å sjå elg på Eskeland at vi stoppa litt midt i bakken og studerte det store dyret. Det heldt på å få sommarpels, så det var helst spettete. Eg trur det studerte oss, eller rettare sagt, bilen vår, like mykje. Det var vi som gav oss. Då vi drog vidare etter nokre minutt, stod elgen framleis der, rund og stor, aleine på jordet.

Ei naturoppleving på ein sundagstur.

Etter kvart kom vi ned til Riksveg 9 på Hægeland og tok neste etappe til Evje. I påskelotteriet til Valle Radio vann eg middag for to personar på Pernille kafé på Evje, og vi hadde planlagt å bruke den premien i dag. Utanfor Pernille stod Unni og Gunnar Hillestad og studerte menyen, og så fekk vi selskap ved bordet, noko som var svært så triveleg.

Då måltidet var over, var vi mette og gode. Dermed var det tid for å lette litt på trykket. Då møtte eg elgen att. På den eine døra stod det Okse, på den andre stod det Kyr, begge var pryda med teikning av elg.

Då smilte eg.