Aldri så galt at det ikkje er godt for noko

Share

I dag var det munnleg eksamen til Bergenstesten for elevar som har strevd seg gjennom vinteren med å lære norsk. Bergenstesten er det uoffisielle namnet på det som heiter Test i norsk – Høyere nivå. Dersom ein skal studere ved eit norsk universitet, må ein ha den for å vise at ein kan fylgje undervisning som er på norsk. Her er lenke til informasjon om den:
http://nspr.portfolio.no/ og http://www.norsktester.no/default.asp?avd=231&nyh=5344

Sjølve testen tek ein halv time. For å ta den måtte Madina reise frå Valle 7:20. Ho hadde fått time klokka 16:15, men det er då bussen til Valle går frå Kristiansand. Difor hadde vi avtalt at eg skulle møte henne i byen og vere med til testen denne dagen. Så kunne ho sitje på med meg opp att.

Turen nedover vart ei oppleving. Det var ein passasjer som ikkje hadde fått med seg at frå 1. mai køyrer ikkje bussen om Homme om morgonen, så ho måtte kjøre etter bussen heilt til Ose før ho tok han att og fekk gitt signal om at ho ville vere med. Men det som overraska Madina mest, var at sjåføren prata i telefonen temmeleg jamnt frå Valle og heilt til Evje. Der kom det ein ny sjåfør, men også han prata i telefonen. Dei hadde handsfree, men ho let seg imponere over kor mykje dei kunne ha å seie i telefonen medan turen gjekk nedover dalen.

Ho fekk ein triveleg dag i nydeleg ver i byen, og klokka to møttest me og hadde middag på Dronningen. Velsmakande lammesteik var høveleg på ein eksamensdag, men snart var vi på Kristiansand Voksenopplæringssenter, der eksamen skulle haldast. Etter kvart kom eksamensnerver, sjølv om ho visste at ho hadde førebudd seg godt.

Då halvtimen var over, kom ho ut frå testen og lo. -Eg fekk ei oppgåve vi hadde førebudd oss på, sa ho. -Det var om mobiltelefonen.

Systemet er slik at ein kan velje mellom fleire oppgåver, og ho hadde teke den oppgåva, ikkje minst fordi vi hadde diskutert kva vi kunne ta opp i ein munnleg test om temaet vart mobiltelefonen. Men då ho fortalde soga om bussjåføren som snakka i mobiltelefonen på morgonkvisten, var isen broten mellom eksaminator, sensor og eksaminand. Dei hadde vore innom mange sider ved mobiltelefonen, både i innland og utland, ikkje vanskeleg å snakke om noko slikt, det påverkar livet til dei aller fleste flyktningar og asylsøkjarar i Noreg, og andre med.

-No er du ferdig, sa eksaminator.

-Men eg og sensor snakka bare vidare, fortalde Madina etterpå. Sensor ville vite meir, og eg hadde meir å fortelje. Til slutt måtte vi runde av, resultatet kjem om 10 dagar. Eg trur det går bra, slutta ho før vi tok fatt på vegen til Valle att.