Straumen går

Share

Ved totida i dag gjekk straumen i Valle og var borte i ein time. Det er ikkje mykje ein får gjort når straumen er borte.

Her er nokre små glimt:

Eg sat på datamaskinen og mista det eg heldt på å skrive. Og så fekk eg ikkje skrive meir, så eg valde å ta ein tur ut i det fine veret, det var 22 grader i skuggen, såg eg på termometeret då eg kom heim.

I etasjen under Valle Vaksenopplæring held Valle folkebibliotek til. Dei hadde heller ikkje høve til å låne ut bøker når straumen var borte, for då fall dataprogrammet ut.

Eg gjekk over gata til Jokerbutikken, men der kunne dei ikkje selje avisa, og det var mørkt og lite hyggeleg å vere i butikken. Ein kunde stod og venta med full handlekorg, alle vona at straumen snart kom att.

Utanfor Essostasjonen sat Ånund og prata med ein kunde, ikkje mykje å gjere når straumen har reist, og litt seinare kom Ørnulf ut og sette seg ned med dei.

**Møte med Sverre Lund**
Då eg kom bort til Menighetshuset, kom Sverre Lund gåande med rullatoren sin. Han hadde site og sett på Visjon Norge då straumen gjekk, og så fann han ut at han kunne gå, han og. Det vart dagens andre tur, og han ville i banken og ta ut pengar.

-Det kan du ikkje, sa eg, for når straumen er borte, får ein ikkje ut pengar.
-Du har nok rett i det, sa Sverre

Vi blei sitjande på murkanten utanfor menighetshuset og prate om laust og fast. Eg fortalde at det var med meg som med Kjetil Jore som før budde i huset som eg bur i no, vi klarte oss med radio, og parabol var lite aktuelt.

-Eg og Kjetil Jore var bestevener og leika heile dagane, fortalde Sverre. Men ein gong vart vi uvener, og då eg vart ropa heim til mat, sa eg at eg aldri skulle gå til han meir. Men då middagen var over, sprang eg det fortaste eg vann ned bakken til Kjetil, smilte Sverre.

Plutseleg kom det vatn i fontenen, og då var Sverre rask med å kome seg opp att. -No er straumen komen, sa han, eg får gå i banken. Men klokka var blitt tre og banken stengjer då.

-Det gjør ikkje så mykje, eg kan ta turen i morgon då, sa Sverre, som hadde hatt ein spasertur nordover på føremiddagen.

**Årsak**
Eg tippa at det var ein gravemaskin som hadde kortslutta ein ledning, men då eg i kveld snakka med Jorunn Lund Harstad, meinte ho at ho hadde høyrt at det kanskje var ein bever som hadde felt eit tre over ein straumledning. Resultatet var det same, og synte kor sårbart eit samfunn er og kor mykje som er avhengig av straum i våre dagar.

Årsmøte

Share

Vi vil ha årsmøte neste torsdag, 5. juni 2008 klokka 19 på Valle Motell. Sett av datoen i avtaleboka di og møt opp. Det vert vanlege årsmøtesaker og når møtet er over, får vi noko å bite i.

Her er lenke til referatet frå årsmøtet i fjor: http://valleradio.blogs.no/2007/05/09/arsmotet_8_mai~2241801