Skulesaka

Share

Det var eit langt kommunestyremøte onsdagskvelden. Sjølv hadde eg ikkje høve til å høyre på Valle Radio denne kvelden, men etter det Jorunn Lund Harstad fortalde, kom det mange interesserte tilhøyrarar på møtet. Ho måtte steike mange fleire vaflar enn ho brukar å steike. Møtet varte også mykje lenger enn vanleg, det var så vidt dei kom ut av huset til alarmfunksjonen trer i kraft.

I Setesdølen for fredag 30. mai skriv Ole Birger Lien:

**Nok eit nei til full skuleveke for dei yngste**
Etter eit framlegg frå Pål Dale (KrF) vedtok fleiralet i kommunestyret i Valle onsdag kveld å seie nei til full skuleveke som prøveordning for 1. – 4. klassingane både i Valle og Hylestad.

Bygdefolk som hadde møtt opp for å fylgje med i saka raste og kalla vedtaka for maktarroganse. Men ikkje alle var like sinte – dei få frå «4-dagars-sida» som hadde møtt opp, var svært nøgde med utfallet i saka.

I saka som galdt Hylestad skule vart det nei til dispensasjon frå 4 dagars-vedtaket med knappast mogleg margin. 11 røysta for framlegget frå Pål Dale om å seie nei til søknaden, 10 representantar ville la Hylestad skule innføre prøveordninga med full skuleveke for eitt år. I vedtaket som galdt søknaden frå Valle skule var fleirtalet for å seie nei til dispensasjon – også dette etter eit framlegg frå Pål Dale, større. Komande skuleår vert det difor 4 dagars skuleveke for dei yngste elevane på skulane både i Valle og Hylestad, trass i auke i timetalet og det mange hevdar er eit stort fleirtal for full skuleveke blant lærarar og foreldre i båe bygdene.

Blanda mottaking
Vedtaka i kommunestyret om å seie nei til søknadene om dispensasjon legg truleg den såkalla skulesaka død i Valle – i alle fall for denne gong. Dei som stør 4 dagars skuleveke var svært nøgde med utfallet av saka onsdag kveld, medan dei som ynskjer full skuleveke var illsinte og skulda fleiralet i kommunestyret for maktarroganse. Stemninga i kommunehuset var laber – dei aller fleste som møtte opp hadde nok håpa på eit ja til ein eller båe søknadene om dispensasjon frå 4 dagars vedtaket.