Olav Bjørgum i Valle Radio

Share

Sist onsdag hadde Bjørgulv T. Berg ansvar for sendinga. I nyhetstimen hadde han invitert Olav Bjørgum og Leonhard B. Jansen til å snakke om utstillinga han skal ha på Setesdalsmuseet i sommar. Utstillinga opnar i morgon, sundag 1. juni, fyrst for innbedne gjester, deretter for vanleg publikum. Fram til 22. juni er ho open frå 12 til 15 på kvardagar, men deretter er museet ope alle dagar frå 11 til 17.

Det vart ein triveleg prat, der dei ikkje minst kom inn på humoren i arbeida til Olav Bjørgum.

Leonhard fortalde at det hadde vore vanskeleg å finne ein del av verka til Bjørgum, for han var utseld, men meinte at dei har fått sett opp ei utstilling som syner breidda i det kunstnaren har gjort. Her er lenke til omtalen på Setesdalsmuseet sine sider, som også syner eit par bilete: http://www.setesdalsmuseet.no/index.php?m=nyhet&m_action=les_mer&id=2 Eit sitat frå omtalen her:

**Ofte er biletet bygt opp med ein humoristisk vri, men ikkje meir enn at det tolest utan å vippe over til berre å vere morosamt. Det ligg tradisjon og historieformidling i uttrykket, ein age for det som har vore, og ikkje sjeldan ei djupare meining. Biletet av mannen som sit og stør hovudet i handa og seier: «Stundom sit eg å tenkjer, å stundom sit eg berre!», har – for den som har tid til å tenkje litt sjølv – stor meining.**

Olav Bjørgum har og artikkel på wikipedia: http://nn.wikipedia.org/wiki/Olav_Bjørgum

Eg var teknikar i Valle Radio den kvelden. Etter sendinga kommenterte Olav Bjørgum opplevinga og sa at det ikkje var vanleg for kunstnarar å få så mykje merksemd at dei kom på radio. Han var svært glad for høvet, men ikkje van med mediet.

Her er ei lenke som viser eit par andre bilete av Olav Bjørgum: http://www.museumsnett.no/ingeborg/irh/41/plakat.htm#ob

Her er lenke til omtale av boka Lekamslyst av Sigrid Bø og Jarnfrid Kjøk, som Olav Bjørgum har illustrert:
http://www.rb.no/lokal_kultur/article3363129.ece