Valle-relaterte bloggar

Share

Eg fann ein blogg i dag og tenkte eg skulle dele ei lenke med dykk som les min blogg, ettersom den er Valle-relatert. Her er lenka: http://leetah.blogg.no/

Når eg no deler bloggen med dykk, vonar eg at bloggaren får ein del besøk. Valleradio-bloggen har fått 5060 besøk i april, det vart ganske mange til slutt, men færre sidevisningar enn dei siste månadene, bare knapt 16.000, ein må tilbake til i sommar for å ha hatt så få sidevisningar.

Ta turen innom bloggen til Hege i kveld, og skriv gjerne ein kommentar til Lisbeth på http://www.bibliofiolen.blogspot.com/ eller Gyro på http://fivreldagar.blogspot.com/

Om du veit om fleire, kan du sende meg ein kommentar med lenke, så får vi oversikt og kan gå innom når det høver.

Kom mai, du skjønne milde, syng nok folk i Nordland i desse dagar, for dei har hatt sommartemperaturar no. Her kjennest det heller kaldt ut, sjølv om snøsmeltinga jo har fått det til å fløyme stritt i Otra og Viki er full av vatn. Sideelvar og bekkar fossar nedover i desse dagar, sjeldan har ein sett Kveassåne så kvit og flott. Når ho er slik, skulle ein ynskje at ho ikkje vart lagd i røyr, sjølv om det jo er vedteke at det skal byggjast småkraftverk til å utnytte fallet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *