Prestetenesta

Share

Fædrelandsvennen hadde eit oppslag i dag om at Bykle kommune ikkje ville vere med og betale på ei stilling til prest på Hovden. Det var Agder bispedømme som hadde søkt om dette, mellom anna ut frå signal om at kommunen ville sjå positivt på det. Ein kan neppe vente at soknepresten i Valle og Bykle skal stå til teneste åleine i heile prestegjeldet når hyttebyklarar som dreg til fjells dei fleste vekene i vintersesongen, treng prestetenester. Bemanninga i prestegjeldet er sett opp for ein normalsituasjon på om lag 2500 innbyggjarar, og tilreisande må ta omsyn til det.

Ein ser jo at om det arrangerast noko i kyrkja på Hovden, er det mange fleire enn dei fastbuande som søkjer dit, Det var ein omtale av situasjonen i visitasmeldinga som Agder Biskop skreiv i samband med visitasen i 2006. I punkt 7.12 heiter det:

Hovden i Bykle kommune har lenge vore ein vintersportsstad med ei mangedobling av folketalet i helger og høgtider i vinterhalvåret. Staden har dei siste åra vore, og er fortsatt, i ei rivande utvikling. Tidlegare var det mange kristne organisasjonar som hadde vinterferieleirar og påskeleirar her, men utviklinga har ført til kraftig auka prisar i desse høgsesongane, noko som truleg er medverkande til at desse til dels har funne andre reisemål. Organisasjonane låner ofte kyrkja på Hovden til møter og gudstenester. Då har soknerådet dekka dei utgiftene dette medfører, og oftast vore hjelpsame med organist og kyrkjetenar når dei har ønskt å låne desse. I påska har ACTA (barne- og ungdomsorganisasjonen til Normisjon) og Det norske Misjonsselskap (NMS) sørga for eit breitt tilbod i påska, både i skiløyper, på hotell, i kyrkja og andre stader. Begge organisasjonane har det stramt økonomisk og personalmessig, og i ei gjennomgang og prioritering av ressursar, vil denne tenesta bli nedprioritert. Frå og med 2006 er dei ikkje til stades med sitt vante proram.

I påska er det no om lag 20.000 menneske på Hovden. Til tross for fleire turistar har kyrkjebesøket gått ned i påska, men det er fortsatt langt over snittet elles i året. Som mange andre stader er besøkte best på jolaftan, då det haldast to gudstenester på rad, begge sprengfulle (170-180 menneske, sitteplass til 110). Storparten av hytteeigarane bur i Agder, men det er også ein god del turistar frå Rogaland, Austlandet, Danmark og Tyskland. Turismen medfører også anna ekstraarbeid, særskilt for soknepresten, som oftast blir kontakta i samband med dødsfall og alvorlege ulukker som gjeld turistane.

Biskopen er innom dette også i visitasforedraget. Det kan du lese her: http://kirken.no/agder/tekstsider.cfm?id=103552 I eit punkt på slutten seier han (punkt 7): **Turistane er ei felles utfordring for lokalkyrkja og bispedømmet. Vi vil som levande folkekyrkje også nå turistane med eit godt tilbod om gudstenester, serleg i høgtidene. Vi tek med oss denne utfordringa attende til bispedømmekontoret og vonar å finne gode samarbeidsløysingar med dykk lokalt.**

Den løysinga dei prøvde på i første omgang førte ikkje fram. Så spørs det kva andre tiltak ein kan kome opp med for å støtte soknepresten og sokneråda i arbeidet.

Fotball engasjerer – også i wikipedia

Share

Tre veker med fotball-EM har halde mange av oss framom TV-skjerme den siste tida. No får vi ein pause før Tour de France, og godt er det.

Sjølv har eg fått med meg nokre av kampane, og då finalen gjekk av stabelen i kveld, hadde eg benka meg framom skjermen. Eg las eit sitat i samband med kampen. «Soccer is a game for 22 people that run around, play the ball, and one referee who makes a slew of mistakes, and in the end Germany always wins.» Det var Gary Lineker som sa det, meir om han her: http://no.wikipedia.org/wiki/Gary_Lineker (Fotball er eit spel for 22 folk som spring rundt og sparkar ballen, og ein dommar som gjer mange feil, og til slutt vinn alltid Tyskland.)

Meir om kampen i kveld og heile EM finn du her: http://no.wikipedia.org/wiki/EM_i_fotball_2008 Eg let meg imponere over kor mykje stoff wikipedia har klart å få fram om arrangementet og relevante folk i samband med arrangementet. Men ein finn og stoff om plassane kampane vart spelte.

Det er ein diskusjon om kor mykje ein skal dekke aktuelle hendingar i wikipedia. Men 300 millionar såg kampane på TV, sikkert ein million nordmenn, og då er det naturleg at ein kan finne bakgrunnsstoff på wikipedia. Dei som har skrive artiklane, fortener takk og gode ord tilbake for arbeidet dei legg ned.

Nå vart det ikkje Tyskland som vann, men Spania. Eg unna dei det, det var gladfotball dei presterte. Og det er fascinerande å sjå korleis dei finn stader å sende ballen til kvarandre, nokre gonger går det så fort at ein nesten ikkje får det med seg, men må sjå på reprisen for å finne ut kva som skjedde. Ein kan bare late seg imponere av dommarane som skal finne ut om det var lovleg eller ulovleg i løpet av eit lite sekund.

Eit norsk dommarteam var med i EM. Eg tykte dei klarte seg godt, men det meinte visst ikkje dei som vurderte innsatsen, for dei vart sende heim att. Den italienaren som dømde finalen, var etter mi meining ikkje betre enn dei norske dommarane, men igjen, det er nok ikkje lett å skifte sol og vind mellom spelarane i den heksegryta som ein slik kamp gjerne vert.

No er det over. Til neste gong.

Liv i sentrum

Share

Mens eg sat ved kjøkkenbordet heime og kunne nyte ein sein laurdagsfrokost, flokka folk i Valle seg rundt borda i sentrum for å ha den årvisse frokosten i regi av Sentrumsforeninga. Med underhaldning av mange slag og mest like mykje variert mat, er det eit poplulært innslag. Biletet i Setesdølen frå i fjor minna om det. Her møttest ung og gammal til felles frukost. Når veret er godt, som det var i dag og, er det ei triveleg økt der ein får tale med folk ein ikkje møter på jobb eller i familieselskap. Sentrumsforeninga skal ha takk for arrangementet dei steller i stand.

Etter det eg skjøner vil Joker halde ope til klokka 20 i sommar. Dei hadde difor søkt om å få selje øl like lenge. Det var handsama i kommunestyret onsdag, men kommunestyret sa nei til søknaden. Det skjøner eg i grunnen godt, i butikkar langs kysten er det og slik. Klokka 18 må dei slutte å selje øl anten det er i store eller små butikkar.

Dagens Fædrelandsvennen synte bilete av folk på Hove-festivalen som hadde sovna i ulike situasjonar. Det stod ikkje noko om kor mykje dei hadde drukke under bileta i reportasjen i dag, men ein dag tidlegare var det reportasje med spørsmål om kor mykje folk skulle drikke. Svara synte at mange hadde som mål å verte ganske fulle, og i reportasjane har det og stått om fyll under festivalen der. Difor undra det meg litt når den danske rådgjevaren med erfaring frå Roskilde, skrytte så veldig av at ein hadde definert heile Hove-området som sjenkestad, det var visstnok eit pluss for festivalen. I ein reportasje las eg om at det var seld svært mykje øl. Ein stad vart det antyda at noko truleg og gjekk til gjester som ikkje var over 18 år.

Når ein så veit noko om problema alkoholen skaper, burde det vere innlysande at ein ikkje kan overlate det til den privates sfæren heilt og fullt. Difor trur eg det er best om ein klarer å skape liv i sentrum utan alkohol, og det klarte dei i dag.

Ny biskop i Nidaros

Share

I dag vart det utnemnd ny biskop i Nidaros. Han heiter Tor Singsaas og er fødd i 1948, akkurat runda 60 år. Mange meiner kanskje at det var i eldste laget å ta fatt på ei krevjande oppgåve i Den norske kyrkja, men han kan få nokre gode år i Nidarosdomen.

Eg var heldig og fekk skrive om han på norsk wikipedia i dag. Her er lenka: http://no.wikipedia.org/wiki/Tor_Singsaas Men før eg hadde fått skrive artikkelen på norsk, var det ein ferdig artikkel på engelsk wikipedia. Du kan gå til den ved hjelp av interwikilenke nede til venstre på den norske artikkelen. Då vil du sjå at dei to tekstane er heilt sjølvstendige og legg vekt på ulike ting.

Når ein skriv slik på wikipedia, vert det mest alltid nokre raude lenker. Eg skreiv inn kva han hadde skrive om i hovudoppgåva til teologisk embetseksamen i 1976. Det var ei oppgåve om Lutherstiftelsens traktatar. Wikipedia hadde frå før ein artikkel om traktat som politisk avtale. Men her var det tale om ein religiøs traktat, og det hadde vi ikkje artikkel om.

Dermed kunne eg nytte høvet til å skrive om det. Du hugsar sikkert dei små lappane som var vanleg å ha liggjande på eit bord bakerst i møtesalar eller som ivrige sjelevinnarar gjekk ut på gata og delte ut til folk som kom forbi. Eg ser lite til slkt no, men det kan nok vere fordi eg ikkje er så mykje ute på gater i byar lenger.

Men eg kom på å leite fram Indremisjonsselskapets historie II av Ola Rudvin. Der var det fleire artiklar om traktatarbeidet til Indremisjonsselskapet. Gjennom åra må folk ha delt ut mange millionar av desse små lappane. Når ein ser på kva folk samlar på, skulle eg tru at det nok er nokon som samlar på traktatar og. (I dag kjøpte eg Stavanger Aftenblad, og der skreiv Per Inge Torkildsen, som har ei spalte i helgebilaget Pluss kvar veke, om Maiblomster; han hadde møtt ei kvinne som samla på dei og hadde over 60 små plastblomar i ei lita skål.)

No har wikipedia på bokmål vel 172.000 artiklar. Og altså ein om religiøse traktatar. http://no.wikipedia.org/wiki/Religi%C3%B8s_traktat

Artige funn

Share

I dag vil eg formidle eit artig funn som eg fekk tilsendt frå Britta Lise. Ho har sans for litt av kvart, og då deler ho det med andre. Eg er glad for å stå på e-post-lista hennar, sjølv om mykje kunne vore annleis om eg ikkje gjorde det. Bare les vidare:

**Arbeidsløs**
En arbeidsløs søker stilling som toalettvasker hos Microsoft. Personalsjefen innkaller ham til samtale og lar ham gjennomgå en test. Til slutt sier han:
-Du er ansatt, gi meg din mail-adresse og jeg vil sende deg en kontrakt og opplysninger om dag og tidspunkt for din start.

Den fortvilte mannen svarer at han ingen computer har, og derfor ingen e-mail adresse. Personalsjefen svarer ham: -Da du ingen mail-adresse har, da eksisterer du virtuelt ikke, og da du ikke eksisterer – da ingen jobb. !!

Den arbeidsløse gikk. Fortvilet, uten å vite hva han skulle gjøre med bare 10 Euro i pungen. Til slutt beslutter han seg for å gå i super-markedet og kjøpe en kasse med 10 kg jordbær. Han forsøkte seg deretter som «gateselger » ved å selge jordbærene kilovis. På bare 2 timer hadde han fordoblet sine penger.
På ettermiddagen kom han hjem og hadde 3-doblet sine penger.

Han forsto da at han kunne overleve på denne måten. Han begynte deretter hver dag tidligere og kom senere hjem. Slik tredoblet han sine penger dag for dag.

Kort tid etter skaffet han seg en trekkvogn. –og senere en varevogn. Etter ca. 1 år hadde han en liten « flåte » av varevogner

5 år er gått… Mannen eier nå en av de største matkjeder i USA.

Nå tenkte han på sin og familiens fremtid og beslutter seg for å tegne en god livsforsikring. Han sendte bud etter en forsikringsselger. Ved samtalens slutt, ba selgeren om mannens e-mail-adresse, for å kunne sende et forsikringsutkast.

Mannen fortalte, at han ingen e-mail-adresse hadde!. Da svarte selgeren: « Du har ingen e-mail, tross det, har Du bygget opp et imperium. Forestil deg hvordan det hadde gått, hvis du fra starten hadde hatt en e-mail-adresse !!!

Mannen tenkte seg godt om og svarte: «Jeg hadde blitt toalettvasker hos MICROSOFT! »

Moral 1 for historien:
Internett løser ikke alle dine personlige problemer.!

Moral 2 for historien:
Hvis du ingen e-mail har og arbeider intenst og hardt, kan du bli millionær.

Moral 3 for historien:
Du har fått denne historien pr. E-mail. Du er altså tettere på toalettvaskeren – enn millionæren.

Tross alt: »Ha en god dag ».

Svar ikke på denne mailen… Jeg er på vei for å kjøpe jordbær!!!

Feiring

Share

Det er mykje ein kan feire om ein har sans for dei små ting. Om ein har sans for dei store ting, kan ein jo feire at Tyrkia kom til semifinalen i EM i fotball, det har dei aldri klart før. Så får dei bite i seg det sure tapet for dei som alltid kjem seg til sluttspelet, Tyskland.

Om ein har sans for mindre ting og likevel likar å markere merkedagar og slikt, kan ein jo feire at det er 11 månader sidan ein møtte kjærasten eller at det er ein månad og ein dag att til bryllupet eller at ein har gått ned 200 gram sidan sist ein var på vekta. Nokre vil kanskje heller feire at ein har gått opp 200 gram og at fosteret på siste kontroll såg ut til å utvikle seg heilt etter skjemaet der det nyt dagane i mammas mage.

Det er heilt individuelt kva som kan gje grunnlag for feiring. I Mandal vart det i alle fall artikkel i avisa om at den gamle rutebilstasjonen er jamna med jorda og at det skal kome 100 nye parkeringsplassar der medan ein ventar på å gå i gang med ei storstilt utbygging av eit handlesenter.

Feiring kan vere så mangt. For den som skal ned i vekt, vil truleg ikkje bløtkake vere det fyrste ein tenkjer på når ein skal feire, og for den som har eit foster i magen, vil heller ikkje champagne vere aktuelt for å feire. For dei som skal feire 11 månadersdagen kan feiring vere å gå på kino eller å unne seg ein roleg kveld i eige selskap.

Då kong Olav skulle feire at han var blitt konge etter far sin, Haakon VII, ville han gjerne markere det i Nidarosdomen. Men regjeringa var lunken til noko slikt, det var eit politisk vedtak om at kroning ikkje skulle skje etter at Haakon VII var blitt krona i 1906. I eit interessant foredrag i P2-akademiet sist veke fekk vi høyre om korleis Einar Gerhardsen og regjeringa vart utmanøvrert av kyrkja og kongen og måtte sjå at heile Stortinget reiste til Trondheim for å vere med, medan Regjerninga heldt fast på at bare tre statsrådar skulle delta. Men Olav V hadde sans for å feire på rett måte, og folket fylgde han i det.

http://www.nrk.no/p2_akademiet/

Eg finn det ikkje på nettsida til NRK enno, men det er mykje anna interessant der. Ta turen innom og sjå på litt av det P2-akademiet har å by på i sommar.

Felles problem

Share

I kveld var eg på eit møte om Kigevannet, vatnet nærast oss her i Mandal, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Kigevannet Det held på å gro att, er bare tre meter djupt, medan det for 30 år sidan var 10 meter djupt. Og så har det fått sørv, ein framand karpefisk som tek maten auren skulle hatt. http://no.wikipedia.org/wiki/S%C3%B8rv

På same måte som i Valle er det nokre entusaiastar som vil gjere noko med problemet. Dei har fått stønad frå Miljøvernavdelinga i Vest-Agder til å gå i gang og kartlegge situasjonen, for så i neste omgang å finne tiltakt som kan få vatnet tilbake til situasjonen for 30 år sidan. då det var aure og ål i vatnet, og ikkje importert agnfisk som tek heile matfatet til auren.

Det var interessant, og eg kjende att dei problemstillingane som så ofte har vore omtala i Valle Radio når Torjus Uppstad og Tom Arild Homme har vore i studio. Men vi har ikkje noko grunneigarlag her, så det er litt tyngre når ein må kalle inn alle grunneigarane til møte for å få lov å setje i gang. Slik sett er situasjonen i Valle betre, VAFA representerer mange grunneigarlag og får difor tygd til å halde fram med sitt gode arbeid for å bøte på skader som er påført miljøet.

Keep up the good work, alle de som på ulike måtar tek vare på naturverdiane.

Reklame

Share

Stor honnør til Britta Lise som jobbar med reklame for neste år. Det skal mykje planlegging til for å få dette i boks. Ambisjonane har vore at alle reklameinnslaga skal fornyast før komande sesong. Det betyr mykje arbeid for å finne og lage dei små høyrespela som skal nyttast. Når lengda bare skal vere 30 sekund, må lydbiletet teiknast svært raskt for å presentere tema og annonsør. Ho legg vekt på å få til dette med ulike verkemidlar både i stemme og form. Ho legg og vekt på å få det på dialekt.

I dag fekk eg eit brev frå henne. Ti reklamar var i boks, ti står att. I tillegg kjem ti som stør Valle Radio, dei skal vere med i den korte opplistinga. Av dei ti som er ferdige, er åtte frå Valle. Eg tenkjer at eg vil bruke litt tid i sommar på å presentere dei annonsørane vi skal ha komande sesong. Ettersom vi ikkje har sendingar no, vil jo tema som kjem på bloggen turke litt opp. Då kan reklamane vere noko å ty til når andre kjelder tryt.

Av dei 30 annonsørane vi har til no, er bare fem utanbygds. Av desse fem er ein frå Kristiansand, ein frå Bykle og tre frå Evje. Dei 25 er frå Valle. Det synest eg er ganske godt, det tyder at bygda stør opp om Valle Radio og ser at det er lurt å bruke litt av annonsebudsjettet gjennom radioen. Samstundes stør ein tiltaket.

Vi vil prøve å stø annonsørane våre ved å presentere dei på bloggen. Dersom nokon av dykk les bloggen, kan de sende mail til harhaugl @ gmail.com om det er noko de vil ha med i omtalen her.

Meir om rådyr

Share

For ei veke sidan skreiv eg om rådyr i Froland og i Mandal. Men i dag vil eg fortelje litt om eit rådyr i Bygland.

Eg var på veg oppover Setesdal seint sist sundag, klokka var vel nærare 23, om ikkje litt over. Men det var ein lys kveld. Då eg speeda opp etter å ha køyrt 40, 50 og 60 i Byglandsfjord, like nord for Refsnes, kom det plutseleg eit rådyr opp frå fjorden. Truleg hadde det vore nede og fått seg litt vatn.

Dette er ein plass eg ikkje hadde tenkt at det var rådyr, det er jo bare vegen mellom fjellet og fjorden. Men heldigvis sprang det nordover i staden for like over vegen. Dermed unngjekk eg å skaffe rådyrkjøt til hotellet, eg ungjekk bulk i bilen, og om rådyret hadde kje ein plass i nærleiken, fekk dei mora si tilbake i god stand.

Men det er ikkje mykje som skal til før ein triveleg tur vert utriveleg.

http://no.wikipedia.org/wiki/R%C3%A5dyr

Wikipedia sin artikkel om rådyr, med lenke nede til venstre til omtale av dyret på mange språk. Der står det at det truleg er 150.000 rådyr i Norge. Men det er lenge til jakta, enn så lenge får ein prøve å unngå å ta livet av dei.