Aagot Noss i Valle Radio og på Setesdalsmuseet

Share

I går kveld vart det endring i oppsett sendeplan. Leonhard Jansen ringde ved 16-tida og fortalde at Setesdalsmuseet skulle lansere ei ny bok av Aagot Noss i dag. Eg inviterte dei til radioen, og programmet Bibel og musikk gjekk ut. I staden fekk vi ein triveleg halvtime der ho fortalde om granskingane sine.

Dei starta i 1965 i Nordbygdi i Bykle, som nå er under vatn. Ho gjekk og sykla frå gard til gard og tala med folk og fekk sjå tekstiltradisjonen dei hadde. Det vart bilete og film av det feltarbeidet, og no er boka som samlar alt dette komen ut: **Stakkeklede i Setesdal – Byklaren og valldølen** 2008 ISBN 978-82-7099-477-9

Her er artikkelen om henne på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Aagot_Noss

I dag var det så lansering av boka, og eg tok turen til Setesdalsmuseet. Boka har 400 bilete, og i presentasjonen viste ho ein del av dei på lerret. Og så fortalde ho, levande og interessant. Det slo meg at ho kunne slektene til informantane like godt som om ho skulle vore i slekta. Informantane hennar var fødde sist på 1800-talet eller tidleg på 1900-talet. Men ho kjende etterkomarane deira og. Det var eit imponerande tilfang av Setesdalsstoff frå Bykle og Valle ho kunne leggje fram.

Etter foredraget var det tid for å kle opp ei Setesdalsbrur. Det var Ingebjørg Vegestog og Randi Myrum si oppgåve, og NRK filma som best dei kunne. Det same gjorde Setesdølen og Fædrelandsvennen, både inne og ute.

Så var det tid for suppe og rundstykke. Museet hadde fått inn 30 bøker, alle gjekk. Dei aller fleste sikra seg forfattaren sin signatur.

Mot slutten av arrangementet på museet presenterte eg Aagot og Karin Bøe for kvarandre. Sjølv om Aagot skulle attende til Oslo like etterpå, lukkast det å få henne innom på Valle vev, og der var ho svært imponert over det som Karin produserer og har samla av rugger og kyrkjetjeld som ho har fotografert og registrert vitskapleg. Aagot meinte Karin måtte få gje ut det stoffet ho hadde samla, og dei vart sitjande å prate om korleis ein kunne gå fram for å få til noko slikt.

Aagot skulle sitje på med Anna Stella Karlsdottir til Oslo, og hadde ikkje ho kome, hadde dei truleg vorte sitjande i interessant samtale heile kvelden. Eg fekk vere floge på veggen, og takkar for ein interessant dag.

Slike initiativ som dette er vi i Valle Radio svært takksame for og oppmodar ALLE til å gjere som Leonhard og Setesdalsmuseet når høvet legg seg til rette.