Program for 10. juni

Share

Valle Radio 10. juni
Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Dikt og slikt. 5., 6., og 7. klasse på Valle skule sitt diktprosjekt.
19:30 Møteplassen
20:00 Bibel og musikk
20:30 Postludium
21:00 Kyrkjebakken

Hugs årsmøtet på Valle Motell torsdag 12. juni klokka 19:30

Teksten nedanfor vart sendt til Setesdølen i samband med annonsen over:

**Diktprosjekt på Valle skule i Valle Radio**

Mellomtrinnet på Valle skule har hatt diktprosjekt. Dei har lært om dikt og sjølv skrive dikt. Eit av dei viktige elementa i eit prosjekt er å presentere prosjektet for folk utanfor klassen. Denne gongen vil elevane gjere det i Valle Radio. Dei har difor teke opp dikta og laga ei CD-plate. Den er litt eksklusiv, for ho er ikkje til sals. Men gjennom Valle Radio kan du tysdag klokka halv sju få høyre kva dei har gjort.

Programleiar Harald Haugland vil legge musikk mellom dikta i programmet. Han seier til Setesdølen:

-Etter mi meining er dette lokalradio på sitt beste. Skulane kan bruke radio til å presentere arbeid dei gjer og slik byggje bruer ikkje bare til foreldre, men til heile lokalsamfunnet. Det er i pakt med målsettinga for Valle Radio å spegle aktivitet i lokalmiljøet, og fleire burde nytte seg av dette.

Onsdagssendingane i Valle Radio har teke sommarferie, men i kveld vert det tysdagssending. Og torsdag er det årsmøte.