Attval over heile fjøla

Share

**Årsmøte 12. juni 2008**

Det kom seint, men godt, årsmøtet i år. 9 personar møtte opp på Valle Motell i kveld:

Hans Petter Anderssen, Niklos K. Besteland, Inga Flateland, Ørnulf Hasla, Harald Haugland, Britta Lise Homme, Helge Homme, Rolf Erik Homme og Halvor Rike

Harald Haugland vart vald til møteleiar og til å skrive referatet og legge det ut på bloggen.

Innkallinga vart godkjent, annonse var i Setesdølen fredag 6. juni. Så las Harald Haugland årsmeldinga, som vart godkjent samrøystes. Den vert lagd ut i ein annan post på bloggen.

Halvor Rike las opp rekneskapen. Årets inntekter var 276.810, utgiftene var 176.767, så det vart eit godt resultat etter drifta dette året: 110.045. Liv Bratlie Løyland har vore revisor og han las opp revisjonsberetninga frå henne. Rekneskapen vart så godkjent samrøystes.

Motellet hadde klar pizza til oss, og praten gjekk livleg medan vi forsynte oss.

Deretter var det val. Øyvind Jacob frå valnemnda hadde levert forslag til styreleiar. Helge Homme og Jørund Georg Jore var på val og vart attvalde. Styreleiar Harald Haugland vart og attvald. Varamann Leif Kvinlog flytter frå bygda, i hans plass kom Britta Lise Homme inn som varamann. Anna Rysstad vart attvald. Revisor Liv Bratlie Løyland vart attvald, det same vart valkomiteen med Øyvind Jacob og Niklos K. Besteland.

Under Eventuelt drøfta vi desse sakene:

1. Ny heimeside.
Årsmøtet meinte at deadline for å ha denne oppe, burde vere 1. september 2008.

2. Air Condition
Radioen har fått varmepumpe i gåve og Helge Dahle vil installere denne. Styreleiar må ta kontakt med huseigar om dette og om kaldtlageret.

3. Nedlasting av musikk.
Ein burde få eit system for å laste ned musikk. Er det råd å finne ut korleis ein gjer det i andre lokalradioar.

4. Nok teknikarar til hausten
Det vert manko på teknikarar til hausten og vi bør prøve å skrive i Setesdølen om det.

5. Meldingar i brev
Det er viktig å sende meldingar og oppsett i brev, ikkje bare epost, for fleire av dei som er med og driv radioen, har ikkje epost.

6. Reinhaldet
Dette er ikkje i system, og vi diskuterte ulike løysingar. Konklusjonen var at ein skulle ha ein dugnad for nedvask/ reinhald så snart som råd.

7. Samarbeid mellom programleiar og teknikar
Det er eit mål å kunne møtast klokka 17:30. Programleiar må ha musikken klar, slik at teknikar slepp å finne musikk.

8. Kick off
Før starten til hausten bør ein ha ein kick off og sjå på kva som kan gjerast betre i året som kjem.

Møtet var slutt klokka 20:45