Ny biskop i Nidaros

Share

I dag vart det utnemnd ny biskop i Nidaros. Han heiter Tor Singsaas og er fødd i 1948, akkurat runda 60 år. Mange meiner kanskje at det var i eldste laget å ta fatt på ei krevjande oppgåve i Den norske kyrkja, men han kan få nokre gode år i Nidarosdomen.

Eg var heldig og fekk skrive om han på norsk wikipedia i dag. Her er lenka: http://no.wikipedia.org/wiki/Tor_Singsaas Men før eg hadde fått skrive artikkelen på norsk, var det ein ferdig artikkel på engelsk wikipedia. Du kan gå til den ved hjelp av interwikilenke nede til venstre på den norske artikkelen. Då vil du sjå at dei to tekstane er heilt sjølvstendige og legg vekt på ulike ting.

Når ein skriv slik på wikipedia, vert det mest alltid nokre raude lenker. Eg skreiv inn kva han hadde skrive om i hovudoppgåva til teologisk embetseksamen i 1976. Det var ei oppgåve om Lutherstiftelsens traktatar. Wikipedia hadde frå før ein artikkel om traktat som politisk avtale. Men her var det tale om ein religiøs traktat, og det hadde vi ikkje artikkel om.

Dermed kunne eg nytte høvet til å skrive om det. Du hugsar sikkert dei små lappane som var vanleg å ha liggjande på eit bord bakerst i møtesalar eller som ivrige sjelevinnarar gjekk ut på gata og delte ut til folk som kom forbi. Eg ser lite til slkt no, men det kan nok vere fordi eg ikkje er så mykje ute på gater i byar lenger.

Men eg kom på å leite fram Indremisjonsselskapets historie II av Ola Rudvin. Der var det fleire artiklar om traktatarbeidet til Indremisjonsselskapet. Gjennom åra må folk ha delt ut mange millionar av desse små lappane. Når ein ser på kva folk samlar på, skulle eg tru at det nok er nokon som samlar på traktatar og. (I dag kjøpte eg Stavanger Aftenblad, og der skreiv Per Inge Torkildsen, som har ei spalte i helgebilaget Pluss kvar veke, om Maiblomster; han hadde møtt ei kvinne som samla på dei og hadde over 60 små plastblomar i ei lita skål.)

No har wikipedia på bokmål vel 172.000 artiklar. Og altså ein om religiøse traktatar. http://no.wikipedia.org/wiki/Religi%C3%B8s_traktat