Brannen i Froland og rådyr i Mandal

Share

I den veka som ligg bak oss har Froland vore i media som aldri før. Det var skogbrannen i den gamle kommunen Mykland som fekk TV-team og journalistar til å sleppe det dei hadde i hendene og reise til Indre Agder for å snakke med dei som sloss mot brannen. Fredag kom skogsministeren og justisministeren til Mykland for med eigne augo å sjå skadene som brannen hadde gjort, og då kom og fleire helikopter på plass. Regnet natt til i dag var svært kjærkome, men alt for lite, og sjeldan har vel regnver vore helsa så velkommen på Agder som no.

Eit innslag på TV fanga min interesse. Det var eit lite rådyrkje som hadde blitt berga unna brannen. No venta opphald i Dyreparken i Kristiansand, sa mannen som heldt kjeet innanfor jakken og kjende kor fort hjarta slo i ukjende tilhøve langt borte frå mora, som vonleg kom seg unna dei rasande flammane.

Det fekk meg til å tenkje på alle dyra som var utsett for brannen. Det er ikkje bare hytter og hus som er truga når noko slikt skjer, dyrelivet og plantelivet vil vere prega av dette i årevis framover.

I Mandal har det og vore tørt. I går stod eg i vinduet og såg ut på eit rådyr som gjekk og beita i kanten på ei nyslått eng. Det fylgde med på biltrafikken, men nappa i seg gras som ikkje var teke av slåmaskinen. Så hoppa det over ein bekk og stilte seg opp på andre sida, og plutseleg var det to kje som fekk melk under det.

Rådyr har ein praksis med å gje kjea kommando om å liggje og trykkje i graset. Difor rømer dei ikkje om slåmaskinen kjem, og kvart år er det mange som går i forhaustarar, noko som øydelegg graset og naturlegvis er svært trist for alle partar. Mange bønder går difor gjennom enga før dei slår, for å prøve å unngå slike situasjonar.

Men her var det to kje som hadde overlevd slåtten. Ved andreslåtten er dei truleg så store at dei er på farten saman med mora. Eg gledde meg over det, sjølv om eg veit at hageblomane er truga seinare på sommaren.

http://no.wikipedia.org/wiki/Froland med lenker til skogbrannen i 2008
http://no.wikipedia.org/wiki/Skogbrann
http://no.wikipedia.org/wiki/Rådyr

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *