Feiring

Share

Det er mykje ein kan feire om ein har sans for dei små ting. Om ein har sans for dei store ting, kan ein jo feire at Tyrkia kom til semifinalen i EM i fotball, det har dei aldri klart før. Så får dei bite i seg det sure tapet for dei som alltid kjem seg til sluttspelet, Tyskland.

Om ein har sans for mindre ting og likevel likar å markere merkedagar og slikt, kan ein jo feire at det er 11 månader sidan ein møtte kjærasten eller at det er ein månad og ein dag att til bryllupet eller at ein har gått ned 200 gram sidan sist ein var på vekta. Nokre vil kanskje heller feire at ein har gått opp 200 gram og at fosteret på siste kontroll såg ut til å utvikle seg heilt etter skjemaet der det nyt dagane i mammas mage.

Det er heilt individuelt kva som kan gje grunnlag for feiring. I Mandal vart det i alle fall artikkel i avisa om at den gamle rutebilstasjonen er jamna med jorda og at det skal kome 100 nye parkeringsplassar der medan ein ventar på å gå i gang med ei storstilt utbygging av eit handlesenter.

Feiring kan vere så mangt. For den som skal ned i vekt, vil truleg ikkje bløtkake vere det fyrste ein tenkjer på når ein skal feire, og for den som har eit foster i magen, vil heller ikkje champagne vere aktuelt for å feire. For dei som skal feire 11 månadersdagen kan feiring vere å gå på kino eller å unne seg ein roleg kveld i eige selskap.

Då kong Olav skulle feire at han var blitt konge etter far sin, Haakon VII, ville han gjerne markere det i Nidarosdomen. Men regjeringa var lunken til noko slikt, det var eit politisk vedtak om at kroning ikkje skulle skje etter at Haakon VII var blitt krona i 1906. I eit interessant foredrag i P2-akademiet sist veke fekk vi høyre om korleis Einar Gerhardsen og regjeringa vart utmanøvrert av kyrkja og kongen og måtte sjå at heile Stortinget reiste til Trondheim for å vere med, medan Regjerninga heldt fast på at bare tre statsrådar skulle delta. Men Olav V hadde sans for å feire på rett måte, og folket fylgde han i det.

http://www.nrk.no/p2_akademiet/

Eg finn det ikkje på nettsida til NRK enno, men det er mykje anna interessant der. Ta turen innom og sjå på litt av det P2-akademiet har å by på i sommar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *