Fiske i Valle 2008

Share

No er VAFA si brosjyre komen. Den fortel det ein treng å vite om Fiske i Valle 2008, i alle fall i områda som laget disponerer. Prisane er 50 kroner for ein dag, 100 for ei helg, 150 for ei veke og 500 for eit år. Kartet syner kva for vatn ein kan fiske i. Det syner og vatn ein ikkje kan fiske i og er ei god kjelde til å orientere seg. Fastbuande og fiskerettseigarar i Otra fiskar gratis i elva i Valle kommune, det same gjer alle under 16 år i alle vatna. Men ein kan ikkje bruke levande agn, med unntak av meitemark.

På kartet er det gjengitt ei melding frå Fylkesmannen i Aust-Agder: Import, utsetjing og fisking med levande fisk som agn er forbudt i norske innsjøar der det er få fiskeartar. Innføring av nye artar kan få svært alvorlege fylgjer for dei fiskeartane som finst frå før. Ørekyte, sørv og regnlaue er fiskeartar som har kome inn og øydelagt mange fiskevatn på Sørlandet dei siste åra. Dette må stoppast.

Kartet er lagt ut i butikkar og andre stader i Valle. Skaff deg det, det er informativt og innhaldsrikt. Meir informasjon finn du på heimesidene til VAFA: http://www.vafa.no/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *