Liv i sentrum

Share

Mens eg sat ved kjøkkenbordet heime og kunne nyte ein sein laurdagsfrokost, flokka folk i Valle seg rundt borda i sentrum for å ha den årvisse frokosten i regi av Sentrumsforeninga. Med underhaldning av mange slag og mest like mykje variert mat, er det eit poplulært innslag. Biletet i Setesdølen frå i fjor minna om det. Her møttest ung og gammal til felles frukost. Når veret er godt, som det var i dag og, er det ei triveleg økt der ein får tale med folk ein ikkje møter på jobb eller i familieselskap. Sentrumsforeninga skal ha takk for arrangementet dei steller i stand.

Etter det eg skjøner vil Joker halde ope til klokka 20 i sommar. Dei hadde difor søkt om å få selje øl like lenge. Det var handsama i kommunestyret onsdag, men kommunestyret sa nei til søknaden. Det skjøner eg i grunnen godt, i butikkar langs kysten er det og slik. Klokka 18 må dei slutte å selje øl anten det er i store eller små butikkar.

Dagens Fædrelandsvennen synte bilete av folk på Hove-festivalen som hadde sovna i ulike situasjonar. Det stod ikkje noko om kor mykje dei hadde drukke under bileta i reportasjen i dag, men ein dag tidlegare var det reportasje med spørsmål om kor mykje folk skulle drikke. Svara synte at mange hadde som mål å verte ganske fulle, og i reportasjane har det og stått om fyll under festivalen der. Difor undra det meg litt når den danske rådgjevaren med erfaring frå Roskilde, skrytte så veldig av at ein hadde definert heile Hove-området som sjenkestad, det var visstnok eit pluss for festivalen. I ein reportasje las eg om at det var seld svært mykje øl. Ein stad vart det antyda at noko truleg og gjekk til gjester som ikkje var over 18 år.

Når ein så veit noko om problema alkoholen skaper, burde det vere innlysande at ein ikkje kan overlate det til den privates sfæren heilt og fullt. Difor trur eg det er best om ein klarer å skape liv i sentrum utan alkohol, og det klarte dei i dag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *