Meir om rådyr

Share

For ei veke sidan skreiv eg om rådyr i Froland og i Mandal. Men i dag vil eg fortelje litt om eit rådyr i Bygland.

Eg var på veg oppover Setesdal seint sist sundag, klokka var vel nærare 23, om ikkje litt over. Men det var ein lys kveld. Då eg speeda opp etter å ha køyrt 40, 50 og 60 i Byglandsfjord, like nord for Refsnes, kom det plutseleg eit rådyr opp frå fjorden. Truleg hadde det vore nede og fått seg litt vatn.

Dette er ein plass eg ikkje hadde tenkt at det var rådyr, det er jo bare vegen mellom fjellet og fjorden. Men heldigvis sprang det nordover i staden for like over vegen. Dermed unngjekk eg å skaffe rådyrkjøt til hotellet, eg ungjekk bulk i bilen, og om rådyret hadde kje ein plass i nærleiken, fekk dei mora si tilbake i god stand.

Men det er ikkje mykje som skal til før ein triveleg tur vert utriveleg.

http://no.wikipedia.org/wiki/R%C3%A5dyr

Wikipedia sin artikkel om rådyr, med lenke nede til venstre til omtale av dyret på mange språk. Der står det at det truleg er 150.000 rådyr i Norge. Men det er lenge til jakta, enn så lenge får ein prøve å unngå å ta livet av dei.

Ein tanke om “Meir om rådyr”

  1. À propos villdyr (Haralds bloggar om rådyr osb.):
    No vert det opprør/oppstuss/krig når Brekk vil gjere det lettare å skyte villdyr, t.d. ulv – ta dei før dei har gjort skade. Naturvernarane er sjokka, må jo vente til dei har gjort skade. Hjarterått!
    Er det ikkje hjarterått at lam og sauer vert sundrivne, tru?
    Desse fanatiske vernarane er truleg ikkje oppvaksne på gard. Bønder vil berre ha tilskot og subsidiar (og vil ha tilnærma løn som andre folk), slik skaper ein kluft mellom by og land. Det er visst viktigare med ulv, bjørn og gaupe enn buskap. Men jordbruksprodukt vil dei ha til skammeleg låge prisar. Det er ikkje så nøye om ein avfolkar Bygde-Noreg, berre byfolka får fiske og jakte i fred og ro.
    Hav ein god dag!
    Ånund K
    (Mit der Dummheit kämpfen selbst Götter vergebens)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *