Olav Bjørgum

Share

I mai var Olav Bjørgum i studio og fortalde om utstillinga som han no har sett opp på Setesdalsmuseet for sommaren. Det er ei omfattande utstilling som eg vil anbefale alle å ta turen innom for å sjå. I Setesdølen stod det at mest alle hus i heile Setesdal har noko han har laga, og om ein reknar med Jol i Setesdal, er det sikkert rett, for han har illustrert joleheftet til Mållaga i Setesdal sidan starten.

Så var det og bror hans, Torleif H. Bjørgum som starta heftet. Slik sett har brørne frå Bjørgum verkeleg gjeve dalen ein rikdom vi har kunna dele med kvarandre. Olav har klart å leve av teikningane sine etter at han etablerte seg. Her er ein artikkel om han på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Olav_Bjørgum

Om du får gjester i sommar, bør du ta dei med på museet. Der kan du og kjøpe bilete av Olav Bjørgum. Her er presentasjonen på heimesida til Setesdalsmuseet: http://www.setesdalsmuseet.no/index.php?m=nyhet&m_action=les_mer&id=2
Utstillinga er open kvardagar kl. 12 – 15. Frå 22. juni ope dagleg mellom kl. 11 – 17

Olav Bjørgum fortalde i programmet der Bjørgulv T. Berg intervjua han om humoren i bileta. Ofte kan den gje eit ekstra perspektiv. På museet sine sider er teikninga med denne teksten: “Stundom sit eg å tenkjer, å stundom sit eg barre.”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *