Prestetenesta

Share

Fædrelandsvennen hadde eit oppslag i dag om at Bykle kommune ikkje ville vere med og betale på ei stilling til prest på Hovden. Det var Agder bispedømme som hadde søkt om dette, mellom anna ut frå signal om at kommunen ville sjå positivt på det. Ein kan neppe vente at soknepresten i Valle og Bykle skal stå til teneste åleine i heile prestegjeldet når hyttebyklarar som dreg til fjells dei fleste vekene i vintersesongen, treng prestetenester. Bemanninga i prestegjeldet er sett opp for ein normalsituasjon på om lag 2500 innbyggjarar, og tilreisande må ta omsyn til det.

Ein ser jo at om det arrangerast noko i kyrkja på Hovden, er det mange fleire enn dei fastbuande som søkjer dit, Det var ein omtale av situasjonen i visitasmeldinga som Agder Biskop skreiv i samband med visitasen i 2006. I punkt 7.12 heiter det:

Hovden i Bykle kommune har lenge vore ein vintersportsstad med ei mangedobling av folketalet i helger og høgtider i vinterhalvåret. Staden har dei siste åra vore, og er fortsatt, i ei rivande utvikling. Tidlegare var det mange kristne organisasjonar som hadde vinterferieleirar og påskeleirar her, men utviklinga har ført til kraftig auka prisar i desse høgsesongane, noko som truleg er medverkande til at desse til dels har funne andre reisemål. Organisasjonane låner ofte kyrkja på Hovden til møter og gudstenester. Då har soknerådet dekka dei utgiftene dette medfører, og oftast vore hjelpsame med organist og kyrkjetenar når dei har ønskt å låne desse. I påska har ACTA (barne- og ungdomsorganisasjonen til Normisjon) og Det norske Misjonsselskap (NMS) sørga for eit breitt tilbod i påska, både i skiløyper, på hotell, i kyrkja og andre stader. Begge organisasjonane har det stramt økonomisk og personalmessig, og i ei gjennomgang og prioritering av ressursar, vil denne tenesta bli nedprioritert. Frå og med 2006 er dei ikkje til stades med sitt vante proram.

I påska er det no om lag 20.000 menneske på Hovden. Til tross for fleire turistar har kyrkjebesøket gått ned i påska, men det er fortsatt langt over snittet elles i året. Som mange andre stader er besøkte best på jolaftan, då det haldast to gudstenester på rad, begge sprengfulle (170-180 menneske, sitteplass til 110). Storparten av hytteeigarane bur i Agder, men det er også ein god del turistar frå Rogaland, Austlandet, Danmark og Tyskland. Turismen medfører også anna ekstraarbeid, særskilt for soknepresten, som oftast blir kontakta i samband med dødsfall og alvorlege ulukker som gjeld turistane.

Biskopen er innom dette også i visitasforedraget. Det kan du lese her: http://kirken.no/agder/tekstsider.cfm?id=103552 I eit punkt på slutten seier han (punkt 7): **Turistane er ei felles utfordring for lokalkyrkja og bispedømmet. Vi vil som levande folkekyrkje også nå turistane med eit godt tilbod om gudstenester, serleg i høgtidene. Vi tek med oss denne utfordringa attende til bispedømmekontoret og vonar å finne gode samarbeidsløysingar med dykk lokalt.**

Den løysinga dei prøvde på i første omgang førte ikkje fram. Så spørs det kva andre tiltak ein kan kome opp med for å støtte soknepresten og sokneråda i arbeidet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *