Program for tysdag 17. juni 2008

Share

Tysdag 17. juni

Ansvarlig: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Dikt og slikt. 5., 6., og 7. klasse på Valle skule sitt diktprosjekt.
19:30 Dameklubben
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland. Musikk til sommar og bryllup
21.00 Kyrkjebakken

Og så sende eg denne mailen til Setesdølen:

Sist veke var det årsmøte i Valle Radio. Bare ni personar møtte opp på Valle Motell. Dei vedtok årsmelding og rekneskap utan merknader, og ved valet vart styret og leiar attvalde. Den einaste nyvalde var Britta Lise Homme, som kom inn som varamann saman med Anna Rysstad. Styret er no: Harald Haugland, leiar, Ørnulf Hasla, Helge Homme, Jørund Georg Jore og Inga Flateland. Rekneskapen vart gjennomgått av Halvor Rike. Den synte ei omsetning på 276.810 kroner. I 2007 fekk ein inn 168.210 på radiobasaren i påska.

I samtalen om arbeidet i radioen vart det spesielt peika på at Valle Radio treng fleire teknikarar. I 2007 var det nesten 70 sendingar frå Valle Radio. 26 personar var engasjert i å få desse på lufta. I tillegg kom alle som var innom med ulike innslag i løpet av året. Til slutt takka Harald Haugland alle for innsatsen i året som gjekk og ba om at folk engasjerer seg vidare til beste for bygda gjennom Valle Radio.

Ein forkorta versjon kom med i avisa i dag.

Så gjekk sendinga greitt etter litt plunder med å koble opp til sendaren. Alt gjekk etter planen. Men då vi var ferdige, kom det ein telefon. Det var Olav Føreland i Søgne som ville takke for programmet, han hadde fått det inn på datamaskinen sin. Både eg og Niklos takka for responsen, det var Niklos sitt program nr. 221. Han held styr på slikt, eg anar ikkje kor mange eg har hatt.

Med det var vårsemesteret slutt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *