Dagsrevy eller dødsrevy

Share

Då eg i dag høyrde nyhetene på TV2 klokka 18:30, slo det meg at ein nokre dagar kunne døype om programmet til Dødsrevyen i staden for Dagsrevyen. Rett nok var det ein glad reportasje om mange frigjevne gislar, men reportasjen om drapet i Bygland, tre ulukker med motorsykkel og fleire andre sette meg på tanken.

Det verkar som om det er det negative som skal kallast nyhende i media. Sjølv i tida som kallast agurknytt-tida, er det dei negative nyheitene som dominerer. Kan journalistane finne ei krise under oppsegling, flokkar dei seg og heller bensin på bålet. Det er ikkje bare Åslaug Haga og Manuela Ramin Osmundsen som har opplevd det.

På den måten er Valle Radio ein alternativ kanal. Vi har ikkje ressursar til å leite fram det negative som ganske sikkert finst i bygdene, det let seg neppe gjere med dugnadsbasert radio. Difor vert det ofte meir i pludrestilen enn i revolverintervjustilen vi arbeider. Vi var innom dette på seminaret vi hadde på Gimlekollen der vi spurde kvarandre kva som var god lokalradio. Eg ser det slik at den kan vere personleg, men den skal ikkje vere privat, vi skal ikkje vere Se og Hør med ein lokal stab av kjendisar som folk kan møte i programma våre til alle tider.

Dødsulukker er tragiske kor dei skjer og kven dei råkar, akkurat som sjukdom og liding som medfører døden. Eg skulle ønske at ulukkene heldt seg borte i sommarmånadene og at Dagsrevyen kunne bli prega av aktuelle saker som ikkje medførte død og liding. Det er nok ein utopi, men eg deler han likevel med dykk. Rundt om i verda sit folk i sakn og sorg, andre stader med glede og håp. Kvifor kunne vi ikkje trekke fram meir av glede og håp i media?