Hugo Distler og litt til

Share

I år er det 100 år sidan Hugo Distler vart fødd. Det skjedde 24. juni 1908 i Nürnberg. Han hadde ein vanskeleg barndom, vaks opp hjå besteforeldra, då mor hans gifta seg med ein annan mann enn Hugos far og flyttet til USA.Men det store musikalske talentet han hadde førte han til Leipzig, der han studerte musikk og var ein svært begava student.

Eg kom over ein artikkel om denne komponisten i dag, og måtte rote litt på bloggen, for eg var nesten sikker på at vi hadde spelt noko musikk av han i Valle Radio. Det stemte, mellom anna spelte Niklos noko av han 4. desember 2007:

Hugo Distler (1908 – 1942) O Heiland, reiss die Himmel auf. Koralmotett. Thomaskoret i Leipzig, dirigent Thomaskantor Hans-Joachim Rotsch.

Han har eit særprega tonespråk, og musikken hans har fått ein ny vår utover heile 1900-talet. Han døydde i 1942, tok heller livet sitt enn å gå i teneste for Wehrmacht, så 1. november 1942 (Allehelgensdag) var det heile slutt.

Det vert ofte slik at når eg finn noko interessant, skriv eg om det på wikipedia. Vi hadde ingen artikkel om Distler frå før, så eg starta ein artikkel i dag. Han er ikkje komen så langt enno, men du kan jo lese det som står der til no: http://no.wikipedia.org/wiki/Hugo_Distler

Ofte når ein held på slik med å skrive ein artikkel, kjem ting i vegen og heftar ein, så ein får ikkje fullført. I dette tilfellet synte det seg at bokmåls-wikipedia ikkje hadde artikkel om Allehelgensdag. Dermed måtte eg lage den. Det vart bare ein stubb: http://no.wikipedia.org/wiki/Allehelgensdag Men då eg skulle knytte den artikkelen saman med andre språk sine artiklar om dette, vart det problem, for alle 37 språka som hadde artikkel om Allehelgensdag, lenka til den norske artikkelen om Allehelgensaften. Dermed måtte eg gå til 37 andre språk og endre lenka slik at ho gjekk til rett artikkel. Og då kom eg ikkje særleg mykje lenger på det som var hovudprosjektet mitt.

Men det kjem nye sjansar seinare.