Hyttebok

Share

I Valle Radio har vi no skrive ut to hyttebøker eller gjestebøker, som vi likar å kalle dei, uansett kva som står på framsida. Kvar sendekveld prøver vi å hugse at gjester skal signere, nokre skriv helsingar og nokre gløymer vi å få med. Men totalt sett har vi no skrive ut to slike bøker. Dei er blitt ei sjeldan kjelde til informasjon om livet i radioen heilt frå vi starta til no.

Etter kvart har dei utvikla seg frå enkle samlingar av underskrifter til folk som har vore med. No kan ein og finne programmet, klypt ut av Setesdølen, og avisomtale av folk som har vore i radioen eller tema vi har hatt oppe. Ikkje minst har Britta Lise vore flink til å finne relevante bilete og lime dei inn, nesten kvar veke har ho teke boka med seg heim for å få på plass det som trengst.

Når boka vert pynta og utvikla sli, vert folk som sit og ventar på å få kome inn i studio ofte sitjande å bla i den og bruke den som hjelp for minnet til å hugse ting som har vore oppe i radioen. Minnet er ofte noko skrøpeleg, og meir enn ein gong har vi blitt overraska over å alt som har vore oppe som tema i radioen.

I samband med påska i år gjekk Statsarkivet i Stavanger ut og ville at folk skulle levere inn hyttebøkene sine. Tanken var at folk burde hugse på å arkivere dei når dei selde hytta, slik at hyttebøkene ikkje vart søppel og skrot, men vart tekne vare på og sidan kunne vere ei kjelde til informasjon som etnologar kunne bruke i framtida. Alt no har innsamla hyttebøker kunna brukast slik, mellom anna som kjelde til informasjon om vèr og ferieliv. Det vert fortalt at det var ei hyttebok som Dagens Næringsliv fekk tak i som var kjelde for avsløringa av hemmeleg konto i Sveits som førte til at ordføraren i Oslo måtte gå av i 2007.

I dag skreiv eg om Hyttebok på wikipedia. Du kan lese artikkelen her: http://no.wikipedia.org/wiki/Hyttebok