Songar til spesielle høve

Share

Når det skal vere konfirmasjon eller bryllup, er det alltid artig med songar som seier litt om den aktuelle situasjonen og den eller dei personane som er hovudperson i hendinga. Eg har leita gjennom nokre slike songar i det siste for å prøve å få inspirasjon til å skrive sjølv.

Som regel får eg stikkord og då går det som regel greitt å få til nokre vers som kan brukast. Men når songen skal vere frå ein sjølv, er det verre med stikkorda. Då må ein ha dei og sjølv, og det betyr at ein må tenkje gjennom saka på ein annan måte enn når ein skriv for andre.

Så eg har verkt litt den siste tida for å prøve å få til noko. Melodien er og eit problem, ein må finne ein melodi som høver til stoffet, det er ikkje så godt med ein melodi i moll til eit bryllaup eller ein treg song til ein konfirmant.

Eg skulle unne deg gleda når det endeleg løysner og verslinjene bare rullar fram, den eine etter den andre. Alle forsøk på melodiar som ikkje gav noko kan gå i papirkorga, det endelege resultatet kan skrivast inn og printast ut og kopierast opp og gjerast klart til avsynging på den store dagen, det er ei bør som vert lyfta av deg og du kjenner deg lett som ein fugl der du nynnar deg gjennom songen og ser at det fungerer.

Mange meiner at det er dumt med slike songar, men eg trur at det er viktig. Ein tale som vert halden der og då, vert fort gløymt, men med slike songar kan ein minnast høgdepunkter i livet når ein tek dei fram att etter mange år og ser at det som stod i songen, fungerte sjølv om åra gjekk. Av og til er det formuleringar som kunne vore endra, og noko burde aldri ha vore på trykk, men i det store og heile gjev dei eit snitt gjennom hendingar som ein har hatt og opplevd saman med andre.