Minnet kan ein ikkje stole på

Share

Nokre har eit minne som ein elefant, men andre hugsar ikkje frå klokka 12 til middag. Eg er truleg nærare den siste enn den fyrste, for om eg ikkje har noko til å hjelpe på minnet, går ting fort i gløymeboka.

I går kom vi til å snakke om ting som hende på Stokmarknes. Eg reiste derifrå i 1991, men minnet om livet der har bleikna ein del, sjølv om noko framleis sit ganske fast. Grunnen til at vi kom inn på det, var at eg kom til å snakke om ferjekøane på Fiskebøl. http://no.wikipedia.org/wiki/Fiskeb%C3%B8l Dei er no på langt nær så lange som før, for folk køyrer den nye ferjefrie vegen til Lofoten. Då er Melbu blitt ein utkant i Vesterålen, medan staden før var inngangsporten til regionen. http://no.wikipedia.org/wiki/Melbu

I samband med dette kom vi til å snakke om borna våre som gjekk på skule på Stokmarknes og om dei som dei gjekk på skule saman med. Kona mi hugsar slikt, men for meg er det som å snakke om ukjende folk. No er det jo ofte slik at det er mamma som går på foreldremøte, det var det i vårt tilfelle og. http://no.wikipedia.org/wiki/Stokmarknes

Eg let meg stadig imponere over alt ho hugsar og som eg skreiv i gløymeboka for lang tid sidan. Om eg no hadde kome dit ein tur, ville det nok hjelpt til å friske opp minnet. Kanskje kan det verte neste sommar om det legg seg slik til rette.

Ein ting ein ikkje så lett gløymer er det storslegne landskapet og fjellet Møysalen. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/M%C3%B8ysalen Og Hadsel kirke har litt av samme funksjon som en knagg for minnet om år i Vesterålen. http://no.wikipedia.org/wiki/Vester%C3%A5len