Levande musikk

Share

Valle Radio spelar mykje hermetisk musikk, og det er bra med god musikk når ein køyrer eller lyttar til radio. Men det er noko anna med levande musikk, og i kveld fekk eg oppleve det i Harkmark kyrkje, som er ei 395 år gamal trekyrkje i sjøkanten aust for Mandal. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Harkmark_kirke

Dei som stod for konserten hadde sett saman eit vakkert program for obo og piano, eller for instrumenta solo. Ein er jo van med å høyre piano solo, men obo solo er jo ikkje så vanleg. Dei 50 -60 menneska som fylte den vesle kyrkja, fekk ein fin time i sommarkvelden. I artikkelen på wikipedia står det at det er plass til 135, då må dei stua godt i benkene.

Det fyrste stykket vi fekk høyre var Conte Pastorale av Eugène Bozza, fransk komponist som levde frå 1905 til 1991. Sjå http://en.wikipedia.org/wiki/Eug%C3%A8ne_Bozza

Så kom to Lieder ohne Worte, songar utan ord: http://en.wikipedia.org/wiki/Songs_without_Words av Felix Mendelssohn, sjå http://nn.wikipedia.org/wiki/Felix_Mendelssohn

Deretter rulla komponistar frå nær fortid opp: Carl Nielsen, Franz Schubert, Antal Doráti, som hadde eit artig stykke for solo obo kalla Grashoppa og mauren, basert på fabelen. Så kom pagodar av Claude Debussy før konserten vart avrunda av Saint-Saëns Sonate for obo og klaver.

Torunn Irene Kristensen og Margrete Moen Birkedal spelte, og det er ei glede å høyre dyktige unge musikarar som kan faget sitt.

Neste veke vert det konsert i kyrkja i Valle, så vidt eg har forstått. Då kjem Pieter Leebeek for å glede folk med musikk på det flotte Steendamorgelet i Valle kyrkje. Det må du ikkje gå glipp av.