Anke og klage

Share

I den juridiske verda heiter det anke når ein klagar over at ein dom som har falle, ikkje kan vere rett. Det er fleire klageinstansar, ein dom i tingretten kan ankast til lagretten og ein dom der kan ankast til Høgsterett.

No er det slik at mange opplever ein dom som urett, og difor vil anke nærast automatisk om dei ikkje får medhald. Difor er det etablert eit system slik at ein vurderer om anka skal takast til handsaming aller først. Om ein kjem fram til at handsaming ikkje skal skje, kjem det ikkje opp noko ankesak for retten. Eit slikt system sparer tid og pengar for samfunnet og for dei involverte, sjølv om det kan vere sviande å ikkje få saka opp om ein sjølv er overtydd om at domen er feil.

I saka mellom Toreid og Richter i Bygland, også kalla legesaka av mange, rådmannsaka av andre (truleg etter kva standpunkt ein har til aktørane), som var omtalt i Setesdølen i går, hadde Toreid ein kommentar til at saka er avvist av lagmannsretten som etter mi meining var ganske slåande, han meinte at no sparte motparten pengar som ein ny runde i rettsapparatet ville koste.

Det er vel noko slikt som vert dekka av uttrykket: Å kaste gode pengar etter dårlege. Det kan ein gjere på mange måtar, til dømes ved å reparere på ein mandagsbil i staden for å kjøpe ny. Uttrykket vart ofte brukt i samband med dei som svarar på brev frå Nigeria-mafiaen om at dei skal få ein stor sum for å hjelpe til med å føre pengar ut av Nigeria, dei må bare fyrst betale inn eit beløp som syner at dei har ein bank-konto det kan gjerast på, og så kjem nye krav, heile tida med lovnad om stor gevinst. Dei som går på agnet, kastar fort gode pengar etter dårlege, det vil seie pengar som alt er tapte.

I Setesdølen i går var det ei anna sak. Då vart det kalla klage, og driftssjef Ingvar Nes lurte på om det var rett til å klage på saka som Uppstad Transport og Anlegg hadde reist i samband med bygging av bru til skianlegget på Furestøyl. For om det ikkje er klagerett, kan ein ikkje klage.

I våre dagar er klagerett blitt noko som nærast skal vere aktuelt i alle saker. Sjølv når ein får innvilga det ein har søkt om, sluttar brevet frå offentleg instans med at ein kan klage på vedtaket, det synest eg og mange med meg er tåpeleg å ha med i eit brev, kvifor skulle ein klage på at ein har fått det ein søkte om?, så i slike tilfelle burde svarbrevet ikkje ha klageavsnitt, etter mi meining.

Av og til får ein vere nøgd med situasjonen som den er, droppe klaginga og seie takk for livet. Det gjorde Arja Saijonmaa http://sv.wikipedia.org/wiki/Arja_Saijonmaa i songen Jag vil tacka livet:

Jag vill tacka livet
som gett mig så mycket.
Det gav mig två ögon
och när jag dem öppnar
kan jag klart urskilja
det svarta från det vita
och högt där uppe
himlens mantel strödd med stjärnor.

http://www.cancioneros.com/nc.php?NM=685&ID=10