Fem dagars nettpause

Share

Det er lenge sidan eg har vore borte frå Internett i fem dagar, men frå onsdag til no i kveld, var eg utan Internett medan vi var på Sandøya http://no.wikipedia.org/wiki/Sand%C3%B8ya_(i_Breviksfjorden) i Porsgrunn for å feire bryllup for Margunn (ho står som venn på bloggen min). Ho gifta seg med Stein i Eidanger kyrkje laurdag, det var Gaute Rasmussen som var prest og Pieter Leebeek som spela i bryllupet, som vart ei sjeldan oppleving. Margunn og Stein hadde vald Solsangen (Takk gode Gud for alle ting) som fyrste salme, så inngangsmarsjen var ein improvisasjon på denne melodien. Vi gjekk sakte opp kyrkjegolvet og folk fotograferte oss etter alle kunstens reglar før eg gav henne vidare til ein glad og stolt brudgom framme i kyrkja frå 1150, ei av våre eldste kyrkjer. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Eidanger_kirke

Etter viglsa var det båttur på fjorden medan paret var til fotografering, og så var det fest i hagen på Sandøya til dei små timar med 110 til middag og 30 ekstra til kaffe. Før den store dagen var det mykje som skulle riggast og etter festen like mykje som skulle ryddast, så Internett hadde låg prioritet i denne tida. I tillegg var det ein varme som kunne ta motet frå dei fleste, helst ville eg ha funne meg ein stad i skuggen med bris frå havet og kunne fylgje med på trafikken i fjorden, det var mange båtar, både store og små, som gjekk ut og inn. Gasstankarar med slepebåt som sikring, fraktebåtar av ulike storleikar, og så alle fritidsbåtane som gjekk på kryss og tvers i fjorden. Mellom alt dette ferja Oksøy som bindeledd mellom øya og fastlandet, det vart nokre turar med den og.

-Det vert dyrt for deg, dette, sa billettøren då eg for fjerde eller femte gong var på tur med bilen for å hente eller bringe.

-Det er no ikkje kvar helg, svara eg.

Då eg i dag tok turen for siste gong, ønskte han meg god tur heim att.