Festivalar

Share

Sommaren fløymer over av festivalar. For det meste går det bra, sjølv om tusenvis av menneske møtest under tilhøve dei er ukjende med. Men i Kvinesdal gjekk det galt denne helga, eit aggregat som skulle lage straum, sende eksos inn i campingbussen og tok livet av to, medan seks hamna på sjukehus.

På Ose var det matfestival, der smaka folk på alle slags rettar og etter det ein kan lese i Fædrelandsvennen, gjekk det med 50 liter blodkurv, mektig kost som ikkje er på bordet i heimane rundt om særleg ofte. Men der var alle vel nøgde, akkurat som dei var på Skral festival, som dei har vore på andre arrangement rundt om.

Det er klart at ferietid gjev høve til å få med seg ein festival eller eit kulturelt arrangement av ein eller annan type. Eg gleder meg likevel over at ein i Valle har lagt kulturveka til midt i semesteret, og ikkje til sommarferien. Så får det våge seg at det ser ut til å vere lite av festivalar i Øvre Setesdal. Tveitetunet si Valleutstilling og Setesdalsmuseet sine samlingar er gode unntak.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *