Lokalradio

Share

Eg fekk eit spørsmål i dag: -Er Valle Radio like pludrete som Lindesnes Nærradio?

Det er ikkje så lett å svare ja eller nei på det, for eg høyrer for lite på Lindesnes Nærradio til å kunne vurdere det.

Men spørsmålet gjorde at eg måtte vurdere litt fram og tilbake. Utgangspunktet for spørsmålet var innringingsprogrammet til Lindesnes Nærradio. Det vart fortalt at samtalen mellom den som ringte inn og den som sat i studio var eit framhald på det dei hadde snakka om kvelden før. Men då hadde ikkje lyttaren høyrt på radio, difor visste ikkje lyttaren kva som var bakgrunn for samtalen. Dermed blei det opplevd privat og ikkje særleg god radio.

Eg måtte tenkje gjennom korleis våre Open sending-program verkar. Så langt eg kan vurdere det, prøver alle programleiarane å unngå samtalar av den typen. Vi seier førenamn og etternamn, slik at lyttarane skal vite kven det er som ringer, også når vi kjenner stemmen til dei vi snakkar med. Ettersom det er lenge mellom kvar gong ein programleiar i Valle Radio er på lufta, er det vel bare sporadisk at ein kjem attende til eit gamalt tema utan innleiing og plan.

Innringingsprogram er populære, men det er nok lurt å velje tema med flid. Vi har slike program bare ein gong i veka, og då vert dei ikkje så fort utslitne, etter det eg skjønar, har Lindesnes slike program fleire gonger i veka.

Snart står ein ny sesong for døra. Vi får førebu oss på beste måte til å lage nye gode program i Valle Radio.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *