Sommarhotell

Share

Opp gjennom åra har vi drive sommarhotell i mange former. Ein kan vel seie det slik at eg og kona møtte kvarandre på sommarhotell, og sidan har vi halde saman. Frå 1976 til 1981 hadde vi sommardrift på Hadsel Folkehøyskole på Stokmarknes i Vesterålen, og det er ingen tvil om at sjølv om det var travle år, så sit vi att med mange gode minne frå den tida.

Det første store arrangementet var Den indre Sjømannsmisjon sitt Landsskjærgårdsstevne i 1976 då hundrevis av stevnefolk fylte skulen og hadde ei flott helg saman. Sidan var det mange slike helger for ulike organisasjonear og grupper. I midnattsol hadde vi store opplevingar, anten det var mange eller få av oss. Ei natt var vi ute og fiska sei, og svigerfar var med. Og vi klarte ikkje å stoppe, det kokte i sjøen rundt oss, og då vi var ferdige, hadde vi 400 småsei som skulle stellast og frysast ned. Det var ei oppleving han hugsa så lenge han levde.

Med åra har sommarhotelldrifta endra seg noko og er i dag konsentrert om familie for det meste. Eg overhøyrde ein samtale på butikken her for nokre dagar sidan, der ei kvinne vart spurd om ho skulle på tur i ferien. -Nei, svara ho, ferien vil eg ha heime og ta imot besøk. Og slik er det vel for mange av oss, ferietida er god til slikt.

Sjølv har eg funne ut at ferien i år skal vere ein roleg periode i livet. Vi får besøk av barn, svigerbarn og barnebarn, og då får ein ta det roleg og ikkje legge ut på lange turar.

Bloggen i dag er ei helsing til alle lesarane som driv i sommarhotellbransjen, same kva slags form det er. Eg unnar dykk alle ein fin sommar. Med godt ver går alt mykje lettare, så vona er at vi kan få godt og tenleg ver også i vekene framover.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *