Ut og plukke drikke

Share

Dette var tittelen på ein artikkel Johs. Bjørkeli hadde skrive i Fædrelandsvennen i dag. Det handla om Olav Holen, som er aktiv med å hauste ville planter til å lage drikke av. I artikkelen fortalde han om mjødurt. Sjå wikipedia for meir om blomen: http://no.wikipedia.org/wiki/Mj%C3%B8durt Den som kan lese tysk vil finne ein artikkel som dei kallar excellent om temaet.

Det minna meg om at Olav Holen var i Valle Radio i ei rekke program saman med meg for nokre år sidan. Då fortalde han om urter og medisinske planter. Det var ei glede å høyre på han, han har så mykje interessant å fortelje.

Her er oppskrifta på tre liter mjødurtdrikk:

50 blomekvastar
2 kg sukker
50 g sitronsyre eller vinsyre
2 liter kokande vatn

Hell vatnet over blomar, sukker og syre og lat blandinga stå på ein kjølig stad i 3-5 dagar. Så siler du av og tappar på flasker. Deretter kan det blandast ut etter smak til saft eller med alkohol til likør.

Olav Holen inviterer folk til å kome til fjells og ha ferie i Holskrone, som er den restaurerte garden som vart flytt frå Holen før garden vart lagt under vatn. I ferien kan ein få ei oppleving med natur og urter i ulike samanhengar.

Den tyske wikipedieteksten skriv om at ein kan bruke mjødurt til te, ein kan og spise røtter og skot av planten. Ein kan og lage sorbet av safta, som lindrar mot halsbrann. Mjødurt er lite brukt i tysk kjøkken, men framleis i bruk i fransk og belgisk kjøkken, Om ein legg mjødurt i fløte, får den smak av honning og mandel. Det har og vore brukt til duft, dronning Elizabeth I likte denne dufta svært godt, fortel den tyske artikkelen, som og nemner at det er ein gamal medisinplante. På den tida vart mjødurt klassifisert som spirea, og legemidlet ein laga av acetyl og spirea vart inspirasjonskjelde til Aspirin, som dei fleste av oss nok har nytta i form av Globoid ein eller annnan gong i livet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *