Hugsar du reklamen vi hadde før sommarferien. Den handla om opninga av Valleutstillinga. Ettersom vi tok sommarferie før utstillinga opna, har Valle Radio ikkje hatt noko om aktivitetane på Tveitetunet i sommar. Men det verkar som om helgene har mange aktivitetar, og sundag samlar utstillarane seg på plassen for å syne fram produkta sine.
Etter reportasjen i Setesdølen å døme er det mange fine ting å sjå og kjøpe, så ein tur dit sundag kan vere interessant å få med seg.
Sjølv sit eg i Mandal og passar katten til barnebarna mine medan dei er saman med foreldrene i Danmark, så det vert ikkje nokon Valle-tur på meg denne veka heller.
Men det hadde vore litt av kvart å få med seg no på høgaste sommaren. I morgon er Karsten Isachsen i Hylestad kyrkje klokka 18:00 med foredraget Jeg tror på gledens Gud, gratis til og med, og med høve til å kjøpe bok etterpå.
Så kunne ein få med seg noko av den store aktiviteten i Valle sentrum på fredagen, og med konsert i gata laurdagen. Ikkje like stort som frukosten dei hadde der tidlegare i sommar, men det er alltid flott å høyre dei tre musikarane som skal spele der laurdag: Gunhild Hasla, Hugo Risdal og Runar Granheim har vel alle gått på musikklinja på vidaregåande skule i Valle og held fram med musikk.
Artig å lese om Åsmund Åmlid si nye plate i Setesdølen. Oslofolket forstod ikkje dialekten på plata, sikkert like vanskeleg for journalisten der som det var for Linda Eide då ho duellerte med Sigurd Brokke i kven som hadde flest spesielle ord som den andre ikkje forstod. Reprisen på programmet i sommar var interessant å få med seg, Niklos sykla framleis forbi og minna meg om alle programma vi har hatt saman.