Frå Kina til Rysstad, eller omvendt

Share

Sjølv om Valle Radio ikkje dekker OL i Kina, får eg kommentere opningsseremonien og alt det andre noko. Først var det jo ei glede at fotballjentene slo USA i fotball den fyrste kampen. Det gjorde godt for alle oss i lenestolane heime.

Så kom opningsseremonien, Den var vakker og imponerande på alle måtar, kanskje med unntak av innmarsjen, då. Sjølv om eg hadde lyst til å sjå Norge gå inn, var dei nr. 130, og då hadde middagsluren teke overhand, så det fekk eg ikkje med meg. Men eg såg jo ein del av den då.

Det som imponerte mest var overgangane mellom dei store opptrinna. Det skal godt gjerast å overgå noko slikt som dei bølgande tastatura som laga kinesiske teikn. Men utviklinga vidare synte jo at det var mogleg. Dei høge søylene var spesielt imponerande. Det var i det heile mykje å glede seg over i den framsyninga.

Men i kveld valde eg bort dei aktuelle kanalane og skrudde over på Hour of Power som vert sendt på Gospel Channel klokka 21 kvar kveld i vekedagane (ikkje i helgene) http://www.crystalcathedral.org/ Den har alltid vakker song og eit stort kor og orgel, og eg vart ikkje skuffa i kveld heller. Også der var dei opptekne av Kina, Det var eit intervju med ein organisasjonsleiar som står for utdeling av rullestolar til handikappa kinesarar. Han hadde gjort det godt i business, men hadde funne ut at når ein ikkje trong tene meir, kunne ein gje litt av overskotet for å hjelpe. Han hadde funne ut at det var 83 millionar handikappa i landet, dei får vi jo ikkje sjå på TV ved ein slik opningsseremoni.

Det fekk meg til å tenkje på arbeidet som Misjonsalliansen http://no.wikipedia.org/wiki/Den_Norske_Misjonsallianse har gjort for å hjelpe handikappa på Taiwan etter at dei måtte ut av Kina, og tankane gjekk og til Asbjørn Aavik http://no.wikipedia.org/wiki/Asbj%C3%B8rn_Aavik sine forteljingar frå landet han var blitt så glad i. Framleis engasjerer misjonsarbeidet i Setesdal, jamfør den store jolemessa på Rysstad som samlar inn pengar til arbeid mellom anne for at folk i Kina skal få høyre evangeliet.

Og der kom koplinga til Valle Radio, for kvart år prøver vi å få med noko om jolemessa på Rysstad i sendingane våre. Truleg er dei alt i gang med å planleggje den. Interessen for Kina blir nok ikkje liten etter at OL har halde fokus på landet i nærare tre veker. Kanskje det fører til auka resultat og på jolemessa.