Respekt – sykling i OL og hundar i USA

Share

Det står respekt av den innsatsen som vart gjort i dagens sykkelritt i OL. Det var kvinnene som hadde landevegsritt, og det regna slik at for meg som sat og såg på, verka det ufatteleg at dei orka. Nokre fall var det og, eit par av dei havna heilt nede i veggrøfta, som var av betong og sikkert mykje hardare enn grøfter her i landet. som gjerne er jord. Men dei krabba seg opp att og heldt fram, sjølv om nokre etter kvart måtte gje opp rittet.

Det står respekt av dei som syklar frå Kristiansand til Hovden og. Vår teknikar Gudrun Rysstad har gjort det fleire gonger, og ho smiler framleis. For meg som sit ei økt på ergometersykkel og har spinning til klassisk musikk er det ufatteleg korleis det er mogleg for folk å gjennomføre det vi har sett på TV denne helga.

Det handlar om respekt i programmet Hundehviskeren som går på TV-Norge også. Det er mange hundar i USA som har fått eit vanskeleg liv fordi eigarane trur dei er babyar og ikkje har respekt for at det er hundar dei har i huset. Å sjå den hundetrenaren ta hand om slike hundar og gje dei eit nytt liv med 35 hundar til å hjelpe seg med jobben, det var imponerande og lærerikt. Eg vart sitjande og sjå på det og droppa fotballkampen mellom Rosenborg og Molde i kveld, og eg likar alltid å sjå når Rosenborg spelar.

Når vi no går mot eit nytt semester i Valle Radio, har eg respekt for den store oppgåva det er. Dersom nokon av dykk som les dette, har ønske i høve til datoar, det kan jo vere at de skal på tur til USA eller Tyrkia eller Beijing i haust, hadde det vore fint å få ein epost, slik at ein kunne ta omsyn til det når lista vert sett opp.