Fiskeørn – frå Otra eller Florida?

Share

Entusiastane i Fugleforeninga i Setesdal ligg ikkje på latsida sjølv om aktiviteten går litt i bølger. Eit oppslag i Setesdølen syner at dei no har gjort ein jobb saman med miljøvernleiar Hildur Hakås i Evje og Hornnes kommune for å få opp skilt som gjev informasjon om fiskeørn i distriktet. No har dei sett opp skilt om ørna, mellom anna på Evjetun. Fire andre skilt er på austsida av Otra.

Lars Breistøl, som eg har tala med i Valle Radio fleire gonger, fortel om fem par som hekkar i Otra. Han fortel og om korles fuglar som har vorte ringmerka i Setesdal, har blitt funne i Senegal i Vest-Afrika etter kollisjon med fly der. At dei kan halde seg nær flyplassar, fekk eg bekrefta då eg slo opp på wikipedia og leita etter bilete. Du kan gå til denne sida, så får du sjå ei fiskeørn som sit på ein busshaldeplass på Kennedy Space Center http://commons.wikimedia.org/wiki/Image:Osprey_on_a_peg.jpg

Biletdatabasen til wikipedia har ei rekke bilete av fiskeørn: http://commons.wikimedia.org/wiki/Pandion_haliaetus og norsk wikipedia har ein artikkel om fuglen:
http://no.wikipedia.org/wiki/Fiske%C3%B8rn Det er lenker til ei rekke språkversjonar, og mange av artiklane har flotte bilete.

Då eg såg den tyske artikkelen, oppdaga eg at hovudillustrasjonen der var den same som Setesdølen hadde brukt. Det er eit bilete teke av NASA, det og på Kennedy Space Center, som ligg like ved eit naturreservat.

Biletteksten i Setesdølen for fredag 8. august seier ikkje noko om kor biletet er frå. Difor vil ein lett tru at det er avisa sin fotograf eller Lars Breistøl som har sete nokre timar for å få eit så flott motiv. Men det var det altså ikkje. Eg synest nok at det hadde vore på sin plass å setje Foto: NASA på biletet, slik at ein ikkje lurer lesarane til å tru at det er ei lokal fiskeørn dei ser.

Biletarkivet Commons som wikimedia har oppretta for at alle wikipediaprosjekta skal kunne nytte bilete, har bilete som er frie, og for kommersiell bruk. Difor kan Setesdølen bruke biletet. I USA har dei ein lov som seier at bilete teke for statlege institusjonar, skal vere frie.