Orgelkonserten Heavy Metal

Share

Laurdag skreiv eg på bloggen at det kunne bli ein interessant kveld i Valle kyrkje til onsdag, då Bernard Emmelkamp skulle spele konsert. I kveld var han der, og det vart ein interessant kveld. Han hadde rett nok dementert litt i Setesdølen, Heavy Metal var ikkje popmusikksjanger, men eit uttrykk for at orgelets metallpiper skulle brukast på konserten.

Programmet var interessant:

Johan Varen Ugland: Bryllups-intrada
Edvard Grieg: Fire norske dansar, tilrettelagt for orgel av Bjørn Andor Drage http://no.wikipedia.org/wiki/Bj%C3%B8rn_Andor_Drage
Günter Bergmann: Harmonice-Mundi-Iovis, eit moderne stykke i fem satsar
Ludvig Nielsen: Fantasi (Opus 4) over to gamle olsokmelodiar: Ljoset over landet dagna og Dette er dagen som Herren har gjort. http://no.wikipedia.org/wiki/Ludvig_Nielsen

Så kom tre stykke av Bernard Emmelkamp:
I himmelen, i himmelen
I tro under himmelens skyer
Deg være ære

før han avslutta med
Johann Sebastian Bach: Den doriske toccata.

Vel 20 personar hadde funne vegen til Valle kyrkje denne kvelden. Soknerådsleiar Gro Haatveit ønska velkommen før Bernard orienterte om programmet. Opplegget for konserten er planlagt ut frå at den skal spelast i Münster i Tyskland seinare i sommar.

Mange av stykkene har vi hatt med i programmet Postludium i Valle Radio, og Niklos Besteland var til stades for å få med seg levande orgelmusikk, til inspirasjon for programma til hausten.

-Vi har eit strålande instrument i Valle kyrkje, det burde vore brukt mykje meir til konsertar, sa han og berømma Bernard for konserten.

Tonhild Kråkenes, kantor i Valle og Bykle, hjelpte Bernard med registrering av orgelet under konserten. I ein prat etter konserten, det var kyrkjekaffe og høve til å slå av ein prat, kunne ho fortelje at dei planla at ungdommar frå Kulturskulen skulle vere med ved gudstenestar i Valle kyrkje i haust, mellom anna var det planen at eit band skulle spele saman med orgelet. Ho såg fram til det og vona at fleire på den måten ville få augene opp for det flotte instrumentet og kome til kyrkje for å høyre dei unge spele.